Endaa ein kritikus.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)

 

(Slutt fraa fyrre No.).

 

Sivard skriv, at eg er ikkje for gamall maalmann til aa ta mot kritikk. Nei, det ventar eg ikkje helder. Og at slike karar, som tru seg føre til aa lappa og bøta paa Ivar Aasens meisterverk, at dei ikkje er letthendte, naar dei taka paa meg, det er rimelegt. Men det burde vera ein liten grand vit i kritikken med. Berre aa skrangla iveg og ropa paa ”maalfusk”, naar det kjem inn i ei umsetjing paa dansk nokre tunge ”vendingar” – som Sivard skriv, elder ordsetningar, som me helder segja paa norsk _, elder naar det vert brukt ord, som ikkje er innførde i ordboki og som dei ikkje bruka i Kristiania, det er daa for galet. Hr. Sivard er soleides ikkje so lærd, som ein kunde venta, naar han heve leset paalag alt, som er skrivet paa norsk fraa 1646. Han er meir lettgjengd enn djupgjengd. Han maatte elles hava funnet myket meir i Dag, som var verdt kritikk. Eg er viss paa, at eg skulde finna meir, um eg vilde leita, men likavel ikkje so myket som – paa andre rom. Eg trur iallefall ikkje, at eg kann finna so myket paa tvo spaltor (bolkar) i Dagsom paa dei tvo spaltorna Sivard heve skrivet i Fedraheimen. Og dette gjeld baade ord og ordelag. Enn slikt som ”orelage finnas”; kvar finst det? Elder: ”Eg skal herma ein bit  til”. Eg heve høyrt, at dei ”taka ein bit”, likaeins um ”ein bit til kar”; men aa ”herma ein bit” heve eg ikkje høyrt. Maa eg spyrja paa Sivard sitt maal: ”Finnas verkeleg ein ”bit” med slik tyding. Elder er ikkje dette heimlausingar? Ein streng domar fær ein streng dom. Hr. Sivard læt infinitivi sine enda paa a, naar det er open rotvokal og einskild konsonant: tala, segja, setja o. s. fr. Men kvat slags regel bruker hr. Sivard elles? Skal det vera e? Ja, det er sanneleg ikkje godt aa vita, for han skriv: aa greie, agte, klandre, ramse, tye. Men samstundes skriv han: aa halda, takka, skriva, henda, prova, øyeleggja, læra, bruka, negta.

 

Kvat skal ein segja um slikt?

 

Er det nokot, som det ”gjeng an” (Sivards maal) aa kalla ”maalfusk”, so maa det vera slikt nokot. Det er berre det verste rot og reine vitløysa, som ”verkeleg” ikkje ”finnas” i nokot maal. Det er ikkje maal. Her kunde det høva aa beda hr. Sivard ”innerleg” – skal vera inderleg – um at han ikkje vil øydeleggja maalet vaart slik, daa det er faarlegt aa ”læra folk upp” – som han segjer elder ”læra upp folk”, som me segja paa norsk – til maalfusk no i yvergangstidi.

 

Enn slike ordelag som: ”Alle utpeikingar er av meg” (= dansk: alle udhævelser er af mig) elder: ”Eg har ikkje noko imot, at vi tek upp fraa dansken og andre maal ord,  som vi treng um, ”der komplementet heve eit rom, som det aldri kann hava etter norsk syntaks annat naar det er eit pronomen. Hr. Sivard byr lesa uppatter setningslæra og serleg sjaa litet paa Ivar Aasens Gr. § 335. ”Det, ein mest lyt agta seg for, det er aa skriva dansk umsett paa norsk– slik, at ein grant kann sjaa, at det fyrst er tenkt paa dansk og sidan umsett”. Ja, det byr me gjera alle. Difyr bruker eg til mynster i all maallærnad berre bygdarmaal (normaliserade) og bøker som Ivar Aasen, Blix, Vinje og einkvar elles hava skrivet. Men likavel vil dansken hanga i, fyrdi me hava fenget all vaar upplærnad på dansk. Soleides med Sivard ogso. Det heng i dei med. Men likavel talar hr. Sivard som um han sat inne med eineretten til det norske maaletf, og han bruker store ord um alt det maalfusk, som bladet"Dag” har drivi i lang ti”. Retteleg trygg heve han daa vist ikkje kjent seg likavel, for elles hadde han knapt nog voret so smaalaaten aa nøgja seg med merket ”Sivard” under stykket sitt.

 

Sivard segjer, at eg alltid talar um, at ein skal skriva same maalet som bibelumsetjingi. ”Skulde ein ha høyrt slikt”, segjer han, ”eg veit ikkje noko land, der folk talar eller skriv paa det det maale, som dei har i bibelen sin. Bibelen har alti sitt eigje maal og sin eigjen svip”.

 

Dette tykjer eg er ein underleg tale. Heve ikkje maalet i den engelske bibel sin ”eigjen svip”, fyrdi um dei skriva ordet ”tid” (time) paa same maaten i bibelen som elles? Er det naudturvelegt aa bruka ymis skrivemaate paa ordi for aa faa fram den svipen, som Sivard talar um? Skriva dei ikkje ordi  i andre land paa same maaten i bibelen som elles?

 

Her kunde det høva aa segja: Skulde ein hava høyrt slikt? For det er skrivemaaten eg heve talat um, at maalmennerne burde semjast um, soleides at alle maalmenner samla seg um den skrivemaaten, som vert brukt i den nye bibelumsetjingi. Det maa kunne gaa, og eg trur, det vilde vera til den største studnad fyre maalsaki. At Sivard ikkje likar dette er trulegt, daa det er likt til, at han sjølv strævar med aa finna paa ei maalform, som venteleg skal verta den ”nyaste skrivemaaten”. Men det fær ikkje hjelpa, um einkvar stordrøymande ungdomen maa sleppa draumen sin um aa faa fram ei ny maalform. Fyr maalsaki vilde det likavel vera det beste, og etter den prøva Sivard heve gjevet paa si maalform i Fedraheimen, trur eg ikkje det er nokon skade gjort, um den formi fer same vegen, som so mange andre hava gjort i desse aari.

 

Alle maalmenner, som meina det aalvorslegt med maalsaki, og som hava hug til aa sjaa, at Norig fær sitt eiget bokmaal, fyrr ”aarhundredet nedrødmer”, alle dei maalmenner byr stemna fram i ein samlad fylking under det merket, som den største norske maalmeister heve reist, som minner um den beste tid fyr vaart land i gamle dagar, og som samlar i seg alle maalføre, som ei elv samlar bekkjerne. Og so fram paa ”praktisk” veg, tala, skriva, spreida ut landsmaalsbøker, faa all lærnaden i skularne paa landsmaal, og so hjelpa og rettleida kvarandre. Eg trur dette var likare enn aa drøyma burt tidi med aa finna paa nye  landsmaalsformer og trætta um ord og former, som altihop berre gjerer oss sjølv vanhugade, hefter arbeidet og gleder motstandararne.

 

Det er denne meining eg alltid held fram, og eg trur, ho er rett. Men denne meiningi heve det voret vandt aa faa alle maalmenner med paa til dessa. Di sterkare eg heve haldet det fram, di meir hava sume mislikat det. Det er liksom det grev deim. Og det sidste eg heve seet er, at dei setja inn paa Dag med ein hard og uvitug kritikk um ting, som dei sjølv maa  vita ikkje er likare andre stader¹), ja, som dei ikkje eingong sjølv er gode til aa halda seg frie fyre i sin eigen kritikk. Er det daa rart, um eg trur, at dei taka paa Dag, fyrdi han bruker same maalform som bibelumsetjingi og ikkje vil vera med paa desse nyformerna. Det ligg paa lunga, kjem inkje paa tunga. Eg heve fyrst nemnt dette paa slutten, for at ikkje hr. Sivard skal kunna segja, at eg gjekk som vanlegt utanum spursmaalet og tok til aa tala um I. Aasens normalform.

 

Namsos den 6te november 1886.

 

Marius Hægstad.

 

Rettingar. I tilsvaret mitt aat hr. S. no. 62 i Fedrah. er der nokre misprentingar Paa andre sida, 2dre bolken 24 r. n. stend ”dar” fyre ”aar”; 19 r. n. ”retningarne” fyre ”setningarne”; 3dje bolken 28de r. o. stend ”skjenkte” fyre ”skjenkt”; 32te r. n. ”ferskoti" fyre "forskoti"; 30te r. n. "vestanfjelds" og "Sunnfj." fyre vestanfjell" og "Sunnfj." "Stoidalen" fyre "Stjordalen" elder "Størdalen". Paa tridje sida 1ste bolken stend det i 26de r o. "friet” istadenfyre ”frie”. Hr. S. heve hengt seg paa denne misprentingi i no. 66, (han vil hava ”fritt” der), og bladstyret heve vel ikkje havt stunder til aa gjera nokon merknad um det. Andre misprentingar er ikkje so store, at dei er til nokot bry.

 

M. H.

 

¹) Det er lett aa herma i ”raevis”.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum