[Kristiania, den 3dje Desbr.] Eit snodig Stell.

 

Her i det frie og folkestyrte Noreg, der alle Borgarar skal vera like, hev me noko, dei kallar Pensjonar. Staten hev mange Tenarar og naar desse vert trøytte av aa arbeida og vil hava det maklegt paa det siste, so berre sender dei inn Søknad til Regjeringi um aa sleppa frie, so vert dei det. Samstundes fær dei Pensjon, 2-6000 Kronur um Aaret. Er det ein Embætsmann, som ikkje er dugeleg til Yrkjet sitt, ja, so berre tek han Avskil og fær Pensjon.

 

Daa hev Staten god Raad.

 

Men kjem det ein gamall utsliten Stakar, som hev trælat heile Livet sitt for aa halda Liv i seg og sine og for aa tena sopas, at han kunne vera med og føda alle desse Embætsmenner, som er i Landet, kjem et ein sovoren Kar og bed um Pensjon, jau daa fær han anna aa vita. Er det ein, som hev voret med og vaagat Liv og Blod for Fedralandet, so fær han kannhenda 1-200 Kr. og gjerne ikkje det eingong.

 

Det er ei Skam for Landet vaart, at eit sovoret Stell skal haldast uppe. Ein Embætsmann gjer ikkje Landet meir Gagn han, enn ein Arbeidsmann elder Bonde. Baade Arbeidsmann og Bonde gjer det Arbeidet dei er sette til og same gjer Embætsmannen, kvifor skal han so hava det so mykje betre?

 

Søren Jaabæk og andre med han hev i mange Aar arbeidat paa aa gjera Ende paa dette Ustellet. Hittil hev det ikkje lukkast dei, men det gjeng nok, naar me eingong fær eit verkelegtFolkestyre i Landet. Daa vil det ganga upp for Folk, at ein Embætsmann ikkje bør hava det betre enn Hitfolket, etterdi han ikkje gjer meir Gagn. Naar Likskapstanken eingong vert raadande ikkje berre i Ord men i Gjerd, daa maa det verta slutt paa denne Embætsmansdyrkingi.

 

Noreg er eit Land, der det trengst um aa spara alt det sparast kann. Men det finst ikkje mange Land, der Embætsmennerne hev det so godt som her likevæl. I det rike Frankrik held dei no paa og knappar av Lønerne til Embætsfolket, det same burde dei gjera her og, serleg kva som vedkjem Pensjonarne daa.

 

 


Frå Fedraheimen 04.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum