I Lyngdal

 

hev me no fenget skipat eit Maalreisarlag. 18 Gutar og Gjentur hev skrivet seg inn, og mange fleire er ventande. Kvart Medlem betalar ei Krona um Aaret, og dei Pengar, som kjem inn, skal brukast til aa faa Bøker og Blad for. Me hev valt eit Styre paa tri Mann til aa staa fyre Laget. Me hev sett oss fyre aa utbreida Kjennskap til Maalet baade i og utanum Laget, og faa Folk til aa bruka det med Munn og Pen. Me skal halda Møte, og i dei skal me lesa upp av Maalbøker, for paa den Maaten aa verta kjende med Maalet og den norske Bokheimen. Bøkerne vert millom Møti lesne heime av oss, som høyrer Laget til, og skal vera ei Hjelp til aa lata andre og faa sjaa og høyra Maalet vaart. Naar me er komne rett ilag, vil me ogso freista aa faa litegrand Greide paa Skrivemaaten.

 

Det trengst aa hava eit sovoret Lag her i Bygdi, for Folk hev ikkje gjort rett store Framstig til dessa. Dei Saker, som det er heit Strid um kringum i Landet, er lite kjende hjaa oss. Berre ein og annan Mann hev fylgt med tilgagns, mange hev fenget berre ein Tev av dei Uppgaavur, Folket vil hava fram, og mange veit jamngodt med inkje, men trur blindt paa Bakstrævaranne, naar dei maalar alt vaart Arbeid svart. Maalsaki hev voret minst kjent og mest nedrakkat. Ho hev (i Bakstrævarutgaava) voret svært lagleg til aa gjera ”Stemmekvæg” av, og ein stakars Maalmann fær ofte høyra, at han vil vera med aa innføra gamalt norsk Maal, elder at ”dei hev lagat eit nytt Maal for aa faa noko Fritenkjarskap inn i Bibelen”, og mykje meir sovoret, so ein ikkje kann vita, anten ein skal graata elder læ. Det hev difor lenge set vonlaust ut aa verka noko for Maalet i ei Bygd, der Folk er so fastkøyrde i dansk Lesing og norsk Mistru til alt nytt. Men i den seinare Tid ser det ut til, at Ungdomen fær Augo upp og vert forviten etter det, som dei gamle vanvyrder elder ræddast for. Hjaa oss unge er Landsmaalet ikkje lenger so framandt og mistrudt; me vaagar oss i Kast med det, og daa trur eg, me er komne væl iveg.

 

Lyngdal, No. 1886.

 

- s.

 

 


Frå Fedraheimen 04.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum