Or Stord Maalvenarlag sin Utgreidingsprotokol.

 

 

Maalvenarlaget i August-Desember 1886.

  

 

Um dette Halvaar hev Styret lite aa melda. Maallaget hev gjenget paa vanleg Maate. Straks Skulen var byrjad, kom Maalvenerne saman til Maalmøte. Som Medlemer i Maalvenarlaget teiknad seg daa straks 52 Gutar, og sidan hev 5 Gutar teiknat seg, so me no i alt er 57. – Dette er ein heil Flokk. Og flestalle hev varm Medhug med Maalsaki. Det er god Von um, at dei vert gode ”Strævarar”, naar dei kjem ut i Livet.

            

Maalmøte hev me havt annankvar Laurdag, og Møti hev i det heile voret godt søkte. Paa Maalmøti hev me havt norsk Rettskriving og Upplesing av Maalbøker skiftevis. Flestalle les Maalet likso godt som Dansk. Eit Par smaa Ordkast hev me ogso havt.         

  

Forutan Bøkerne fraa ”Det norske Samlag” er Boksamlingi aukad med 11 nye Bøker. 10 Bøker er kostad Innbinding paa. Boksamlingi tel no i det heile paalag 150 Band. ”Det norske Samlag” er Maallaget framleides med i. Fedraheimen og Nora er tingad for Laget si Reikning.       

            

Vidare kann meldast, at Maallaget iaar hev sendt Søknad til Kyrkjestyret um, at norsk og dansk Maal maa faa like Kaar paa Seminaren ogso. Nokre, som ikkje er med i Maallaget, teiknad paa Søknaden til Kyrkjestyret. Dette tykkjer me syner veksande Samhug med Maalsaki. – Endaa er ikkje komet Svar paa Søknaden, so me veit ikkje Utfallet.

            

Meir hev me so ikkje aa melda. Hadde me berre voret so varmhugat og dugande Arbeidsmenn, som Saki er stor og god, so var det gildt.

            

God Framgang for Maalsaki!

           

 

Stord, 15de Januar 1887.

 

 

A. Bergo, Formann.  

Olav Taraldset, Varaformann.         

Bussingdal, Rekneskapsførar.

J. Flugum, Bokutlaanar.

 

 


Frå Fedraheimen 05.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum