”Mannfolk”.

 

I.

 

 

Aa Mass slo Klone i Bikkje-Skinn

aa vrengde det ut som fyrr var inn”.

 

Mannfolk” er ei kalleg Bok. Men ho er nytteleg, sann og god i mange Maatar.

 

Og so er ho so urimeleg løgleg – elder aalvorleg, det er ettersom ein tek det; anten maa ein lægja elder graata, naar ein les ho, soframt ein daa ikkje høyrer til den ”Forargelsens Skare”, som berre vil furta.

 

Rosmersholm” og ”Mannfolk” er dei gildaste Bøkerne, me hev havt paa lenge. Men Rosmersholm er no so vand aa skyna ho. Daa er ”Mannfolk” annaslag greid. Det er Bok for sjølve seg so lagleg aat Landsfolket.

 

Just som dei held paa og røder so mykje um det, at no hev Garborg kastat seg burt i Armarne paa Kristianiadaningi og Europakulturen og alt som ilt er, just daa held han paa og slipar Kniven og bur seg til aa spretta Magen upp paa denne Kallegheiti og klubbar aat vaare heilage Avgudsbilæte, berre so Styggedomen velt utor, liksom han Kolbein, som var med Kong Olav uppigjenom Gudbrandsdalen og tynte einkvar nasjonal Heilagdomen. Og Kristiania med Bylivet sitt hev voret paa Ruv som ein nasjonal Heilagdom.

 

Det som ikkje ”Bondestudentar” munad, det skal eg vaaga ”Mannfolk” munar – dei er so vonde desse skinheilage findanad Kristianiafolki (baade i og utanfor Kristiania, for dei finst paa Landet og, baade millom Teologar og Læregutarne deira) – dei er so sinnad, at dei gjerne aat Garborg upp, det minste Ynskjet deira var no, um dei kunne taka Livebraudet ifraa han daa. Og det kann ein ikkje undrast paa. Denne Kristiania med all sin Stas og Daning som hev voret so medgjeti gild, at ein Bonde kunne ikkje sjaa noko større for Sonen sin enn aa faa han inn i den, det kjem denne Jarbuen og avskrøyver so fælskleg, at du kjenner ein Illtev som fraa ein halvroten Mykbinge av alt i hop. Denne ”Klippe, som Radikalismen og onde Magter vel kunne beskylle, men som de ved Guds Hjelp aldrig skulle overskylle”, det er ikkje anna enn kalkad Graver; attum denne Religiøsiteten og all den heilage Svipen, som allting gjev seg, er det ikkje anna enn Dubbeltmoral, Ukjurskap og Ufysedom. Her er Stas paa ein Pinne, som hev vortet snøydd, so du ser berre nakne kalde Stakarne av Beingrindi att.

 

Folk maa tru, at slike Skildringar ikkje er sanne, allvist Landsfolk, som ikkje kjenner til Bylivet, dei maa tru, at ”Mannfolk” er ei Ljugarbok. Og me sjølv var og lenge i Tvil, um det ikkje var mangt, som var gjort verre enn det er. Men umfram den Trygdi som me hev i Forfattarens aarelange aalvorlege Granskingar av Emne sitt, hev me fenget so mange Vitnesburd baade fraa den eine og den andre Kanten, at me ikkje lenger tvilar. Jamvæl Skildringi av dei som ein no skulde tru best um, so om den teologiske Kandidaten J. Braut, der det no for Folk flest tottest vera berre Ovsegjing i Forteljing um alle Beigarne hans – jamvæl der hev me maatt slept Tvilen, sidan Aftenposten, som skulde vera meir kunnig i sovoret enn me, sannar, at Kand. Braut allvist er overlag godt skildrad.

 

Men for alt det, um alle Folk i Boki kann vera sant skildrad, so er det ikkje endaa sagt, at Byen skal vera so all igjenom. Men det gjev helder ikkje Boki seg ut for aa segja. Ho tek berre for seg aa vrengja um det skakke og skeive og let oss faa sjaa innafor ”Kulisjarne” av det Livet, som me vaner sjaa blankt og fint leika seg paa Tilet.

 

Likevæl er det og brae Folk med, som det ikkje er noko stygt med, slike som Mark Oliv t. D., og Dagmar, som er av det same Slaget, som Bjørnson hev ført ut so gildslegt i Hanskegjenta, ho Svava. Men desse er likevæl ikkje so mykje utgjorde, so at dei hugfester seg paa same Maaten som dei hine Gastarne. For det er Livet deira, som Boki vil syna fram.

  

Eg segjer, at det er Kristianiadaningi, som vert sett paa Stake, men no er dei daa ikkje kristianiafødde alle saman.

 

Det er det same; for dei tek aat seg mest av Skikken dei, som vert uppalne der, men er fødde andre Stader; dei lærer so godt, at dei snart vert Yvergangsmenner yver dei hine, det er væl ingen so leid som Bondeguten, naar han rett kjem seg inn og vert kjend i Byen, liksom det er sagt, at Nordmannen som kjem aat Paris, fer aat mykje uliklegare enn Parisaren sjølv.

 

Det er Kristiania-aanden, soleis som han skapar Folk gjennom Skule og Uppaling, Selskapshøve og Samfundsliv i det heile, som her raar Grunnen aaleine, som her hev openbert seg gjennom sine Born.

 

Det er ingen Forfattar, som hev trengt seg so langt i det inre av ”Tigerstaden” fyrr som Garborg i denne Boki si. Det er eit langt Stig i Utvikling paa desse 30 Aari, sidan ”Synnøve Solbakken” kom ut. Og lell kann ein paa ei Vis segja, at desse Bøkerne er tvo Stykkje av same Veven. ”Synnøve” var skrivi til aa syna Bymannen korleis Bonden var lagad. Og ”Mannfolk” er skrivi, so Bonden kann sjaa koss Bymannens Høve er. Og det, som likesom er klunkad paa som ein Lokk for Moro i Synnøve, det er dregjet ut i fulle, sterke Tonar i ”Mannfolk”. Det liksom veks naturleg fram utor dette Livet ein Sukk og Lengt etter frisk Luft og heilare Menneskje, ein Hug burtifraa Bylivet til friare og sunnare Samfundsforhold, soleis som dei berre kann lagast paa Landet. Dette vert jamvæl greidt sagt av ein av dei tankedjervaste i Boki.

 

Denne Boki er ein stor Siger for Maalsaki. Vinje freistad seg væl noko paa Bylivet, men aldri fyrr hev likevæl det norske Maalet naatt inn i sjølve Hola aat Vargen som her. Det er til likeso stor Ære for Landsmaalet som for Forfattaren, den Hagleiken han hev vist med aa tøygja det til nettupp høvelegt for sitt Emne. Ein kunne fæla for, at det vilde verta altfor ulelegt og ufellelegt, naar ein kom med dette uvande bondske Maalet og vilde skildra Restaurasjons- og Vikalivet, som kunne vera raatt og uvandt nok i seg sjølv. Men jamvæl Bjørnson hev ikkje kunnat koma med Klander for, at ”vore fine Greier” er paatekne med ”Vadmelsvaatt” denne Gongen. Han er berre furten, fordi Maalet er so godt, at han kann lesa det mest like so radt som Dansk.

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum