Kristiania, den 27de Mai. [Fraa Tinget.]

 

Fraa Tinget.

 

Daa Arbeidartoget 17de mai var naatt fram til Stortinget, vart det stansat og 3 Mann gjekk upp med ei Adressa um aalmenn Røysterett og Normalarbeidsdag. S. Nielsen, som daa var Præsident, svarad, at det ikkje i dette Triaaret gjekk an aa gjera noko i den Vegen, men samstundes trudde han, at det ikkje vil drygja lenge, fyrr Arbeidaranne sitt Krav vart vedteket. Dagbladetfortalte at han hadde sagt, at ”han haabede, Sagen vilde blive sat op som Valgprogram ved næste Storthingsvalg”, og dette hadde so Morgenbladet  prentat av næste dagen. Men dette var meir enn Høgre kunne tola. I Stortingsmøtet 20de mai byrjad Stang straks med aa spyrja Præsidenten, um det var rett, soleis som Dagbladet hadde fortalt. Var det Tilfelle, so vilde han anka yver det. Ein Præsident hadde ikkje Lov aa taka noko Parti ved sovorne Høve, han skulde vera so upartisk som mogelegt. Um dette vart det eit heilt Ordskifte. S. Nielsen svarad fyrst Stang, og seinare kom Konow (S. B.) og Krogh og tok paa han. Konow meinte, at det ikkje var god Folkeskikk aa koma farande soleis, ”det var det mest nasevise han hadde set i Stortinget”, og Krogh var ikkje so rædd som Stang for at aalmenn Røysterett vart Valsak til næste Val. Kvart Framlegg til Brigding i Grunnloven, var Valsak, meinte han.

 

Det er snodigt med Høgrepartiet, naar det gjeldst Framstig i Folkestyre. Dei strævar av all Magt for aa hindra baade Juryen og aalmenn Røysterett. Folket skal haldast reint utanfor alt, dei skal berre betala Skattar og Avgifter, men ikkje hava det minste aa segja ellest. Prestar og Juristar skal styra og stella plent som dei vil, daa er alt godt og væl. Det er svært so lenge det maa segjast, fyrr dei fatar det, at dette er noko, som høyrer ei gamal Tid til. Det er Vanen, som er vond aa venja.

 

Med Juryframlegget gjeng det ellest godt no. Dei hev gjort fraa seg alt til § 46 i ei Snarvending. Det var berre ei og onnor liti Brigding, som vart gjorde.

 

Maandag hadde dei for seg dei høge Skularne. Det vart eit heilt Ordskifte um desse. Ullmann meinte, at det var mykje lettare for ein som gjekk Latinvegen aa verta Student, enn for ein, som gjekk den andre.

 

Det var like lett for Latingutarne den Dag idag, medan dei som las Engelsk og Matematikk fekk meir og meir aa gjera for kvart Aar.

 

Blix bar imot Ullmann og fekk Studnad av Bonnevie, som Von var.

 

Tirsdag og Onsdag heldt Stortinget paa med Jarnvegsaker. Det vart gjevet i alt 40,600 Kr. til Gransking av ymse Linur.

 

Igaar byrjad dei med Juryen att i Odelstinget. Det vart haldet baade Fyre- og Ettermiddagsmøte. Dei kom i alt til § 66. Til denne §en fyreslo Statsraad Sørensen eit Tillegg, som gjekk ut paa, at i Saker, som vedkom Embættsmenner og Tenarar i Statskyrkja, skulde ikkje Dissentarar faa vera med i Juryen. Han fekk Studnad av Høgre, medan Vinstre stridde imot. Endalykti vart, at Framlegget hans vart kastat med 45 mot 30 Røyster.

 

I Fyremiddagsmøtet idag var dei naadde fram til § 84.

 

 

Oftedølsbladet  Folketidende i Trondheim krev, at Sørensen no skal gaa av som Riksraad. Fleire Blad krev det same.

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum