Te Kjærasten min.

 

Naar eg vakna um Morgonen tile

ette Kvile, so tryggt og so traust,

- naar ho renn,

so da brenn,

og da brile,

dan Soli derburte i Aust,

daa sprett eg meg so kvik og so gla or mi Seng,

daa er dan fyrste Tanken, i Hugen meg gjeng,

at du, ja at du er Kjærasten min,

og eg, ja at eg er Kjærasten din,

at du, du er min,

og eg, eg er din,

at eg, eg er din,

og du, du er min.

- Gud signe no deg, du Kjærasten min!

 

 

Naar um Kvelden seg Solauga skunda

te aa blunda

dar vest uti Straum,

paa dan Ti,

daa i Li

og i Lunda

dei tagna mot Dimma og Draum,

daa legg eg meg so trøytt, men so glad i mi Seng,

daa er dan seinste Tanken, i Hugen meg gjeng,

at du, ja at du er Kjærasten min,

og eg, ja at eg er Kjærasten din,

at du, du er min,

og eg, eg er din,

at eg, eg er din,

og du, du er min.

- Gud signe no deg, du Kjærasten min!

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum