Ymist.

 

 

Hans Jæger, Forfattar av ”Fra Kristiania-bohêmen”, hev Byretten dømt til 240 Dagar Arrest og 1600 Kr. i Sakumkostninger, fordi han hadde sendt ut Boki si paanytt berre med annan Titel.

 

Organist Ludvig M. Lindemann er daaen, 75 Aar gamall. Han hev voret Organist ved Vor Frelsers Kyrkje i Kristiania i 37 Aar.

 

Det er han, som hev samlat dei fleste norske Folketonar, me hev utgjevet i Trykken. Han hev og lagat mange væne Tonar sjølv, Namnet hans er kjend i By og Bygd.

  

Ny Bok paa Landsmaal. Um kort Tid kjem ”Fraa Sogn” – Segner og anna av Olav Sande utgjevet av Mons Litlere – Bergen. Boki vert paa 120 Sidur og kjem til aa kosta ei Krune.

 

I Belgia  er det mykje Staak med Arbeidaranne no. Dei hev det so ilt der nede, at det ikkje er Maate paa det. Um dei træler og slit i dei svarte Kolgruvurne heile Dagen, so fær dei so liti Løn for det, at det er paalag Sveltihel. Det er trulegt alt det vonde, Arbeidaranne hev lidt i det Lande, og det ser ikkje ut til, at dei styrande vil gjera noko for aa hjelpa dei hell. Det gjeng der som det gjeng allstad, at det vert ikkje Skikk paa det, fyrr Arbeidaranne sjølv tek til aa gjera noko. Difor hev dei no lagt ned Arbeidet mange Stadar. Dei segjer som sant er, at dei kann likso væl svelta i hel med ein Gong som seigpinast. Styringi hjelper sjølvsagt Rikingarne, og ho hev sendt store Lutar Soldatar for aa halda Orden. Soldatarne ser ut for aa ha betre Vit og meir Kjærleik, for mange Stadar stellar dei seg paa Arbeidaranne si Sida. Det er fælt, at Verdi ikkje er komen lenger i Slutten av det 19de Aarhundrad.

 

 


Frå Fedraheimen 28.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum