Asker – Askov.

 

 

(Eit Brotstykkje av ei Livssoge).

 

 

Kor det bar til, at Eilif Torson Fosshaug tilslutt strauk aat Asker Seminar? Ja han sat nettupp sjølv og funderad paa denne underlege Lagnaden inne i Vogni, medan den ville, svarte Gampen skreik og frøste og drog han lenger og lenger av Leid. Han tykte, det var som Kjeringi mot Straumen dette, men han var no daa paa Vegen.

 

Eilif hadde voret ikring paa fleire Høgskular, vortet vekt av deira store ljose Tankar og var soleis komen inn i eit Liv, som var heilt upp framandt for Heimbygdi hans der djupt inne millom Fjellom. Men no midt i beste Leiken rauk dei faa Skilingarne hans upp, nett som han skulde til mata og kleda tvo store, hardfodde Skrottar. So kneip det for Eilif. ”Ja sjaa no, kor mykje kontant du tek inn med desse Høgskuleferdom dine Gut”, sa dei der heima. Det vil segja, dei sa ikkje aat Eilif, var det likt seg. – Nei det var kloke og grepa Folk, som var med i Framstiget i den Bygdi, og so kviskrad dei berre kvar for seg soleis.

 

Du, som er so gild ein Gut og kann somyke nytt, skulde faa eit Seminar, du”, hadde nokon sagt.

 

Aa ja, Eilif trudde nok au, det hjelpte for Matsuti aa verta ei slik heilag Maskina. Ein hadde visst Raad til aa eta baade mykje og godt og gaa snaalt klædt for kvar Dag, og den som var so heppen aa faa Embætte langt inne i ein Bygdakrok kunne jamvæl og verta som ein liten Bygdakonge med Tidi, men...

 

Ved Sandviken St. steig Eilif ut. Spurde seg so Veg aat Seminaret. Det var so vænt der uppyver: Vegen krøkte seg attmed Aaker og Eng, Hagar og rake Skogholtar. Eiliv reikad avstad tung og sigande som ein Steinbrjotar, kjem fraa Yrket. Myrke Tankar valt innpaa han tunge og kalde og kvevde reint Livshugen. So leid ein Gang hadde han aldri gaat, for han kjende, det bar lukt mot Livsmaalet hans.

 

Uppe i Vedret leikad Fuglarne i Solskinet. Ikorn spratt og smattad paa Greinom. Det var Gut, som var glad det; og fri. Aa nei, den som kunne gjera seg um til ein Ikorn! – held ein Trost! – held um det berre var til ein slik Gris, som gjekk rylad i Vegkanten, dillande paa Rumpa av Væltrivnad i Griseskapen sin.

  

Men Seminaret! ... Huff det smakte av Svovel, det Namnet, totte Eilif.

 

Naa ja, Verdi gjeng no sinGang, og Eilif laut aa gaa sin. Kom han so upp til Seminaret. Han var vant til verta mottekjet kjærlegt og venlegt, baade av Lærar og ein glad Flokk ikring dei, Eilif, naar han soleis kom; men her saag det nok ut til, det var ikkje Folk heime. Dei store, kvitmaalad Husi stod der so audskelege, kalde og tomme, som sjølve Svartedauden hadde voret ute. Han gjekk der tuslad kring Svalerne ei Rid. Ein Katt var nok det einaste livande paa heile Tufti; men han saag au ut til vera rædd aa brenna seg paa Jordi; han krøkte Rygg, reiste Rumpa, tok nokre lange Byks og var burte.

  

So hugsad Eilif paa, at det var fyrst um Morgonen, dei skulde møta paa Skulen – med Pen og Papir, og heile den Vika Vitprovet stod paa fekk ingen bu paa Skulen. Dei laut halda seg utanumkring.

 

Hjaa ein Bonde eit Stykkje derifraa steig so Eilif inn, spurde etter Hus. Ja-a, det var no ikkje so greidt um Nattvære no, maatte han vita, der var so faae Gardar og mange som trengde Hus. Ja, det var jamvæl titt so galet, at dei fine Seminaristarne laut takka til, dei fekk losera i Skur og Lødur; men etter di der var tri fyrr, kunne no han aufaa Tak yver Hovudet so lenge.

 

Inne i Romet sat tri ”Aspiranter” tagalle kring Bordet. Den eine uppyver Katekjesen, den andre yver Gramatikken, den tridje yver – gamle Eirik Pontopidan. De ”æsthetiserede”.

 

Det foor kalde Flogur nedetter Ryggen hans Eilif, daa han stod i Døraglytten. Men som han kom seg lite, laut han lægja. Han trefte daa endeleg Folk lell! 


Skulde det bera laust med ”Gammel-Eirik” att no daa? Den han av innste Hjarta hatad, alt fraa han gjekk hjaa Prest og Skulemeistar, daa han togg og ramsad av Eirik, so han jamvæl i Presten si Bok fekk: ”meget gode Kristendomskundskaber”.

Det var altso her Eilif skulde byrja draga ihop Murstein til aa byggja ein Livsveg paa. Han hadde ein Tæv av, han vart nokosonær møyr og lett den Grunnsteinen. Den Uheppa kunne henda paa Ferdi, at han trakkad tykt igjenom og vart staaande t. D. i ei Myr. Men ein laut no so titt her i Verdi gjera seg tunn og lett for aa smetta fram.

 

Eilif fekk ikkje rett Ro. Og so gjekk han reikad ikring Tufti hans som fleire ”Aspiranter”, men ingen var nok av hans Flokk. Fromme og gode var dei som Lam og nedgraven i Heilagdom uppyver Øyro. Men sterke, friske og breidbygde var mange – grepa Steinbrytaremne maatta; men som daa vonlegt likevæl tykte betre um ”Mester Eirik” enn Grev og Spad og Horv og Plog.

Gjorde han ikkje i Grunnen det sjølv? Huff, det skokk i Eilif.

 

Han kom meir og meir i Ulag. Tankeflokar svarte og tunge som Berg dyngjad seg i hop i Bringa hans. Var det Livskallet hans, som baud han dette Vyrket? Skulde han liva berre for aa fylla i smaae Barn denne forgamle uppstilka Kristendomen, som dei ikkje hadde meir Gagn av held t. D. hebraisk?

  

- Um Morgonen Kl. 9 kom den eine stigande inn i Garden etter den andre med Skrivarambo i Haandi, saapvaskad, nykjemde og grepa heilage. Heile Stellet var i Grunnen utrulegt heilagt. Det var likso stilt som Dagen fyrr, endaa det snart vart mange Kjeftar. Ein og annan halsad seg upp aa reikna Skrottarne – det var nemleg berre fem og tjuge, skulde høyra til dei utvalde, og no dragnad det nok i hop det dubbelte. Eilif var lettare i dag; han hadde drøymt so sælt um Notti. Det kunne kannhenda retta seg endaa.

 

Bar det so inn i Skulehallen. Syndaren skalv i Kneom. ”Bukkene skulde skilles fra Faarene”.

 

Inn gjennom Døri slapp ein for ein og innanfor sat Læraranne og prikkad for kvar.

 

Alle hadde nok lært den gamle Visa:

 

Min Søn, om du vil i Verden frem,

saa buk”.

 

Dei, som var komen mest i Tvil um Lærdomen sin, bukkad djupast. No galt det um alle Bibelbrot og namni paa rett mange Elvar, Berg og Byar og Indikativ, Instransitiv med alt dette Krims-Krams i Gramatikken sat dugelegt godt fast.

 

Eilif var visst ikkje so piggstø i alt dette, men han korkje skalv elder bukkad i dag. Han laut lægja aat seg sjølv, daa han sat midt inne i denne tagalle aalvorslege Flokken. Var det den gamle Fosshougguten, elder var det ikkje? Det saag ymse ut.

 

Paa Seminaret tarv me ikkje drygja lenger.

 

Kva Eilif Torson fann paa tilslutt? Aa bia no lite.

 

Han var meir for seg sjølv, Eilif, daa dei kom heim att. ”No veit eg, kva eg vil, kva eg skal”, sa han ved seg sjølv og riste Akslerne, ”du lyt nok rymma, du Eilif”.

 

Ved Nonsleitet bar det aat Skulen att. Eilif skulde ikkje med. Men ei Rid etter luskad ein Skrott hykjande med lange Stig nedetter Vegen fraa Seminaret, glyttande attende som ein Tjov, hadde brotet seg ut av Holet.

 

Han bykste nedyver Bakkarne, men stanad ved Granholtet. Lufti var blid og blaa som igaar. ”No kann eg so njota det friske, det med Sælebod i”, sa Eilif, ”og ikkje vil eg byta med deg Trost og Ikorn”. Han var, som naar ein nysst hev stiget upp fraa eit dugelegt Laug og faat skylt Kroppen sin.

 

Som han so gjekk, steig den saare Tanken upp: Skulde han setja Kursen mot Nord elder Sud, Aust elder Vest ut i den vide Verdi? Framtidi stiglad seg upp som Gapen paa ein stor svart Sekk for Eilif.

 

Haa, haa! Han fann det nok lugumast aa pala seg itid, den Kroken”, log dei vonlegt der bak Skogen.

 

Eit par Dagar etter gleid Eilif Torsen paa ein liten Eimbaat heimyver Fjorden att. Det var i Kveldingi. Vatnet laag glimande svart; paa baae Sidur stod friske, gule Bjørkelider og Aakrar speglande seg i det blanke djupe Auga; langt, langt burte reiste blaae Fjell Krugarne upp, og i Vest laag eit tunt, lett Skylaken uppyver Toppom – berre ei slik ljosande Hinne.

 

Det var tvo Maanar etter.

 

Eilif Torshaug gjekk att og fram etter Dækket paa eit Storskip. Enno augnad han ein og annan Nasetipp av dei norske Nutarne; men um ei Rid sokk dei siste ned i Havet, og so reikad han inn i Romet til Kista si. Ho var som ein god gamall Ven ho, totte han; dei hadde reist so mykje i hop dei tvo, so han hadde lært seg til aa halda av henne. Han var hugsjuk att i dag, Eilif.

 

Det bar aat Askov.

 

Det var ikkje slik tung Gang upp imot Skulen der. Og naar ein kom fram, trefte ein Fagnadfolk og Vener, som ein kjende seg so godt heime ibland.

Fyrste Kvelden byrjad Skulen med eit Lag. Og det var vel Hugnad! Unge og gamle ynskte einannan vælkomne. So kom Schrøder upp og fortalde ei av Tors-Mytarne. Um at Tor ein Gong vitjad Hymer. Bar det so til, dei skulde ut aa fiska, dei tvo Kultarne. Daa dei so var komne langt utpaa, sa Hymer, at der var det lagomt Fiskeleite, so dei turvte ikkje vaaga seg lenger. Men daa vart Tor morsk og vill. Han vilde kav utpaa det djupaste, han, der Midgardsormen laag, der det var noko vaaga og noko vinna. Kor gasta Gut Hymer var, vart han fælen, daa han høyrde, det skulde berast so langt; men her hadde han ikkje Bod aa mukka. Tor var no alltid Guten sin, han maata.

Dette var noko aa tenkja paa gjennom Livet helst for dei unge, meinte Schrøder. Ungdomen hadde gjerne ein varm Vilje og ein vill Slaasthug, og daa galt det, naar dei kom ut paa Ferdi, aa gjera som Tor, leggja ut paa Djupet, der det er eit Stortak aa taka, eit Slag aa slaa, so det munar – og ikkje staa hytta inne i ei roleg, logn Vik.

Og Eilif saup i seg kvart Ord. –

Um Notti laag han og tenkte paa Skilnaden millom fyrste Møtet i Askov og fyrste Møtet i Asker, der dei rauk i hop med Vitprovet. ”Ja Gudskjelov for Lagnaden”, sa han glad som eit Barn.

 

 

Kristian G. Prestgard.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum