Turistferdi.

 

  

No hev alt Utlendingen teket til aa koma nordyver til oss, og det ser ut til at Ferdi iaar skal verta mykje større, enn ho fyrr hev voret.

  

Me veit at Gladstone og Wales-prinsen hev voret her, og der dei Karanne fer fyre, der kjem dei andre strøymande etter. Engelsmennerne kjem iaar i haugevis, og ifraa Tyskland kann me venta store Drifter av Turistar.

 

Men so lyt me taka imot dei paa ein folkeleg Maate, so dei kjem att fleire Aar; for helles so er det ikkje stort Gagn i det. – Me kann no ha Von um aa tevla med Sveits og dei andre Reiselandi, berre me ikkje legg oss til Unoterne fraa desse Landi¹). – Den verste me kann gjera oss sjølve er aa flaa  Ferdafolket, og me lyt akta oss væl for det; for dei betalar nok, men dei kjem ikkje att, og dei aatvarar Folk for aa reisa til eit so ovdyrt Land. – Det hev alt voret ein og annan som hev voret skamlaus nok til aa ta imot Blodpengar for Tenesta si; men mange hev det gudskelov ikkje voret.

 

Ja lat oss no akta oss væl for det. Tak maatelege Prisar; men helder ingi Tvoskillingsbetaling. – No heretter vert det ikkje so, at det vert berre Penge-kultarne som kjem hit; det vert og jamne Kvardagsfolk, som lyt ut for Helsa si, elder Folk som tek ein Tripp hit i Fritidi. Um desse ikkje kjem til aa fløysa so med Pengar, som dei andre Suggarne, so vert det desto fleire av dei, og difor kann dei koma til aa leggja mest aat etter seg likevæl dei. – Me hev høyrt ein Nyss um, at Folk skal ha voret so pengegriske, at dei hev stengt Vegen aat ein ven Foss og eit vidt Utsyn, og so teket Betaling av Turistar som vilde fram til desse Stader; men dette er væl berre nokre eine faa, og me vonar at den aalmene Folkeskikken tuktar dei, so dei nok tek Stengsla burt. – For skal me no koma inn i dette Blodsugar-faret, so vert det straks slutt med heile Turistferdi.

 

Nei lat oss vera Folk, det løner seg best i Lengdi.

 

Og so lyt me vera hjelpsame og fara varleg fram med dei framande paa andre Leider au; føyga dei i Bonurne sine og la dei raada seg sjølv so mykje som mogeleg.

  

Dei, som no legg i Turistvegen, lyt umaka seg litt for aa gjera dei reisande tillags. Dei skulde vera forsynt med fleire Slags Mat, som ikkje ugjer seg i Vermen, og Drikke skulde dei ha flust av, baade Mjølk og heimbryggad Øl; for me hev høyrt mange reisande jamra seg, for at dei fekk forlitet av desse Slagi. Folkelege Sengerom lønar det seg au aa ha staaande; for gjer me ikkje noko for god Husberging aat dei, so ligg dei i Byarne elder paa Yakterne sine, og me fær ikkje ei Dust godt av heile Turistferdi.

 

- Og so er det ein Ting til me vil nemna.

 

Kvar einaste Turist kaupar med seg heim eit hell anna Minne um Landet vaart, og daa især noko nasjonalt.

 

Dette hev dei Kaupmenner i Byarne, som det hev voret Framferd i, forstadet, og so hev dei gjort upp ”nasjonalt” Arbeid i tyltevis og selt for god Fisk. Det er Fuskearbeid fraa fyrst til sist; Maskinarbeid og ikkje meir nasjonalt, enn Bjørnsons ”æ-Spraak” er nasjonalt; (og dette Arbeid liknar det au i mange Maatar).

 

Me skal nemna eit Døme, som er fullsant.

Maken til den Eggekoppen, som Gladstone fekk paa Vestlandet, kaupar Engelsmennerne i Byarne i haugevis. Dei skal daa vera komne ifraa ”Bondelandet” fær dei høyra, og so er kvar einaste ein svarvat i Byen og maalad og gjort so gamaldags, som det let seg gjera. Soleis med Eggekoppar og soleis med allslag Krus og Kar og Tiner og Kander. I Treskjering fuskas det au so det er grove Tingen og soleis burtigjenom paa alle Leider.

 

For aa hjelpa paa denne Fuskingi er det ingi anna Raad, enn aa faa fram egta nasjonalt Arbeid; faa det fram  so Ferdsfolk fær sjaa det. Leggja det inn paa Skjusstasjonar og Hoteller og alle andre Stader, der det ferdas Utlendingar.

 

Syn det fram og forlang ei maateleg Betaling!

 

Enno ein Ting. – Skap dykk ikkje til, naar de talar med ein Utlending; men ver dykk sjølve baade i Maal og Gjerd, anten de so talar med høg elder laag.

 

 

¹) I Sveits t. D. skal det vera so kostbart aa reisa, at det er reint Uraad for aalmene Folk.

 

 


Frå Fedraheimen 18.06.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum