[Kristiania, den 23de Sept.] Maalstriden,

 

 

som gjekk for seg i Dagbladet  med Vaaren og Sumaren, hev teket Slutt no, ser det ut for.

 

Bjørnson hev, som Fedraheimen  fyrr hev synt, aldri voret nokon Maalmann. Han hev diltat med ein og annan Gongen, naar han totte det høvde. Ikkje ellest. Han hev ofte hogget etter oss; men aldri so kvast som no i den siste Striden.

 

Det gjekk han, som det hev gjenget alle Motstandaranne vaare – Prof. Storm, H. Lassen, L. L. Daae m. fl _: han kom ingen Veg. Alt, han hadde aa føra fram, var gamle og kjende Motlegg, som hadde vortet ihelslegne mange Gonger fyrr og som ingen – utan B. B. – trudde det skulde vera Gagn i lengre.

 

Dei siste tvo Svari fekk han fraa Lars Holst, Styraren av Dagbladet. Holst er ein av Gamalkararne han, og Maalsaki var den fyrste Kjærleiken hans. Det var han og St. Schiøtt, som gav ut Svein Urædd”  den Tid, daa det var faarlegt aa vera Maalmann, og Svari hans syner, at han er same trauste Karen den Dag i Dag.

 

Ingenting syner betre enn denne Striden, kor lite Innhald det er i Paastanden hans Bjørnson, at Maalstræv og Bakstræv er eit. Med eit einaste Undantak er det berre prøvde og ægte Fridomsmenner, som hev teket Hansken upp og drivet B. B. attende.

 

Skulde me ha eit serlegt nasjonalt Parti i Landet, maatte det væl grunnleggjast paa Maalarbeidet. Det maatte vera det fremste. Aa setja upp Skil som Bondekultur o. likn. er ikkje noko tess. Men eit nasjonalt Parti med Arbeid fyrst og framst for norsk Maal, gjeng ikkje Oftedølerne med paa. Dei fekk ikkje Rom aat Kjættarskapen sin daa.

 

Det vil nok til sist syna seg, at det er det reine Vinstre, som er mest folkelegt og nasjonalt, tenkjer me.

 

 


Frå Fedraheimen 24.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum