Litt av Kyrkjesoga, mest um Tiend og Hovudtiend.

 

(Del 3 av 6. Fyrste del.)

(Av Olav Sveinsson).

 

 

III.

 

Men i Riket hans Karl vart den Utlutingi av Tienden ikkje gjeldande lenge. So lenge han livde sjølv so heldt han Jamvigti med Presteskapet. Men daa han gjekk burt vippad det. Sonen hans, Ludvig, tok Styret etter honom. Han var visst ein truande Mann, men so mjuklynd og godfjotten, at Presteskapet gjorde med han det, dei vilde. Det Riket, Far hans hadde grunnat, raknad som ei gjordlaus Bytta, mest alt gjekk i ei Røra. Dei, som var mest um seg, greidde seg best, og det var Paven og Presteskapet. Tidi deira til aa mjøla Kaka si var komi og dei nytta ho tilgagns. Alt, som var noko tess i Frankrik, slog Presteskapet under seg, Riket var gjevet Prestestyret i Vald. Ein Bisp sette i hop ei Ljugarbok mest med uppdiktade Kyrkjelovar (dei ”pseudoisidoriske Dekretalur”!) ¹) som sjølv sagde, at ho var skrivi 200 Aar fyrr. I den stod det, at Prestemagti, den stod yver all annan Magt, og at Paven fraa fyrste Tid hadde voret Herre yver Kyrkja. Sjølvsagt stod det um Tiend og der. Det hadde aldri voret so, at Tienden fraa Fyrsto var etlat dei Fatige! Nei. Tienden var fraa fyrste Tid berre gjevet til Kyrkja, Presteskapet og Munkarne. Dette sette dei fram mest som ei Guds Openbaring. Og tenk, dette trudde Folk. Ingen kunne tru at Bispar og Prestar kunne ljuga. Det laut vera sant det, som stod i ei so gamal ærværdug Bok. No strauk dei ut Fatikluten for at Kyrkja og Presteskap skulde njota Tienden aaleine.

 

Me hev Grunn til aa minnast Ludvig me Nordbuar. Det var han, som sende Ansgar  hit upp. Det var godt, at Far hans ikkje rakk so langt med si harde Hand. Ansgar bar fram Kristentrui som eit Vitne um Kristus baade i Ord og Gjerd, utan ytre Magt og Væld og det gjorde, at ho røtad seg innanfraa, der ho friviljug vart teken. Me ser helder ikkje, at Ansgar masad med Tiend og slikt til Presteskapet som mange andre. Ansgar tenkte meir paa Naudi hjaa dei Fatike han, enn paa seg sjølv og sitt Stand. Det var kring 200 Aar seinare, at Tienderøra kom upp i Danmark.

 

Danarne fekk daa ein Konge yver seg, som var ein idug Kristen og ein utifraa strid Presteven, han Knut den heilage. Her hadde me daa Olav Kyrre. Det var svært so annsamt Knut stridde for aa hjelpe Presteskapet fram til Vyrdnad og Magt. Attaat anna fritok han Presteskapet for aa møte for den verdslege Rett og rudde soleis Tufti for ein sers Domsrett for det. Prestar skulde dømast berre av Bispen og Bisparne av Paven. Bispen skulde i Vyrdnad setjast i Jambreidd med Jarlar og andre Stormenn. Og so gav han store Jordegods og dyre Eignaluter til Kyrkja. Han sette upp stride Kyrkjelovar og revsad hardt kvar, som braut dei. Og so skulde Bønderne taka Tienden som ein Skyldnad. Dette tok Bønderne reint ille upp. Hatat var Knut fyrr for Hardstyret sitt og verre vart det, daa han kravde tiende Luten av alt, dei avlad aarlegaars. Dette tok dei liksom Saksarne for aa vera Trældom. Og daa Knut baud ut Folk til ein Herferd til England, vilde Jutarne ikkje lystra. So skulde dei revsast. Knut gav dei Valet millom ei stor Bot elder Tiend. Dei valde aa bøte, men daa Knut tok det stridt med Inndrivingi, vart Bønderne vonde og gjorde Uppreist. Storbonden Øyvind Bæver vart Førar. Knut rymde inn i Albanikyrkja i Odense, som Bønderne kom og kringsette. Øyvind hoggde fyrst Øksi si i Kyrkjedøri og Bønderne braut seg inn gjennom Døri og Vindauga. Hirden varde Kongen, men Bønderne fekk Yvertaket og Knut vart drepen av eit Kastespjut. Liket hans Knut vart sidan skrinlagt, og han vart gjort til Heilagmenne av Pave Paskal. Dette Skrinet vart sett paa Høgalteret i Albaniakyrkja, som vart kallat Kyrkja Heilagsknuts. Som Heilagmenne fekk han same Vigti for Danarne som Heilag-Olav for oss. Heilagdagen hans vart sett til 10de Juli. Jamvel paa vaar Primstav stend eit Merkje ”Knut med Ljaaen” (8de Juli ”Knutsok”) og det er soleis truleg, at Knut ogso hjaa oss hev voret dyrkat, kanskje som Heilagvern for eit godt Onnevedr, og at dei soleis bad til Knut naar dei tok paa aa slaa. Prestar og andre sette ut, at der gjekk for seg Jarteikn ved Gravi hans, og daa det under Bror hans, Olav, kom 8-9 harde Aar, so tyda dei det som ei Revsing fraa Gud, fordi dei hadde gjort av med Knut og ikkje vilde svara Tiend. Det skulde daa vera slik ei Matløyse i Landet, at jamvel Olav, som dei kallad ”Hunger”, den siste Joleftan, han livde, ikkje aatte meir enn tri Leivar Braud. Alt dette verkad til, at Bønderne tok til aa ira paa Valdsverket mot Knut og for til aa svara Tiend med Godom, i dei gav seg til aa dyrka honom som ei Vardvette.

 

Soleis vart Tienden litt um Senn aalmenn ogso i Danmark. Kongar, Rikingar og Stormenn bar til med Knut som Fyredøme aa gjeva store Jordegods, Gardar, Skogar og andre dyre Eignur til Kyrkja, so Medlarne hennar vaks til kvar Tid. Og med Medlarne vaks Presteveldet. Men Bønderne likad seg ikkje. Tienden og andre Tyngslur laag paa dei som eit Aak og litt um Senn vaks Hatet til alle desse Futar, Bispar og Prestar, som laag og saug og persa dei. Dette Hatet braut i Slutten av tolvte Hundradaaret ut i Skaane. Bønderne gjorde Uppreist mot Bispen Absalon baade fordi han var so strid med Innkravet av Bispetienden, og for, at dei vart tvingat til aa hogge og drive fram i Ukvillet alt det Timbret, han trong til dei nye Kyrkjurne sine. Dei gjorde Semja um aa negta aa svara Tienden til Bispen. ”Me treng ikkje nokon Bisp”, meinte dei. Absalon laut til Kong Valdemar og bedja um Hjelp. Baade Kongen og Bispen arbeidde paa eit viskelegt Forlik. Men Bøndarne stod traatt paa sitt og Bispen meinte og, at han ikkje kunne gjeva seg. Retten til Tiend var guddomeleg, meinte han, So vart der eit Slag millom Kongen og Bønderne aust for Landskrona ved Dysjeaai. Bønderne varde seg godt alt til at Kongsmennerne fann eit Vad, so dei kom Bønderne paa Baket. So datt dei som Storr, druknad i Aai, elder tok Floget. Segni um dette Mannfallet gjekk sidan med ein Stegg i Minnet Mann fraa Mann nedigjenom.

 

Tiendgreida hev soleis ikkje berre ein Træleveg men ogso Blodveg etter seg i Soga. For Skuldi hennar hev baade Kongar og Bønder bitet i Graset. Dei Kongar, som kjempad fyre og fall vart Heilagmenne, men ikkje dei Bønder, som stridde imot og fall. Mange Knep og Krokar vart brukte ved Sida for aa faa Saki fram. Det er ei Ordnota paa Latin, som heiter pia fraus, som segjer so mykje som ”heilag Lygn” elder ”gudelegt Snyteri”. Dette fylgjer Tiendsoga og kikkar fram best som det er. I Danmark hadde Bønderne den Tru, at det spaadde Lukka, naar Storken bygde Reir paa Garden. Men so prentad Presteskapet det i det, at det vilde Storken aldri gjera, um dei ikkje greidde Tienden, som dei skulde.

I Sverik kom og Tienden ved Kongebod. Sverker  d. y. skynad, at skulde han sikra seg Magti, so laut han legge seg inn med Presteskapet. I 1200 gav han ut eit Kongebrev. Etter det skulde for det fyrste Kyrkja og Presteskap verta fri for Skatt av Jordi og Godsi sine. So skulde Bispar, Prestar og andre kyrkjelege Embætsmenn, som gjorde Lovbrot, fritakast for aa møta for den verdslege Rett. Dei skulde faa sin eigen Rett, liksom det danske Presteskap fekk av Knut. Og so lagde han Tienden paa Bønderne. Me ser ikkje, at dei baud so imot, at der vart Uppstyr og Braak, som sume Stads. Det er truleg, at det ikkje vart teket so stridt med Innkravet, at Misnøgjet braut ut. For Folket sat med Valrett der baade til Val av Bisp og Prest, endaa det ikkje var lang Tid etter, fyrr Valretten til Bisp vart dei fraateken. I 1248 kom der ein Sendemann fraa Paven. Han fekk blant anna gjort det so, at denne Valretten vart gjeven til eit Bisperaad elder ”Domkapitel”, og fraa denne Tid kom Presteveldet ogso upp i Sverik.

 

(Meir.)

 

¹) I ei slik Bok var det sjølvsagt mykje anna rart. Der stod soleis, at ”ingen maatte forgripa seg paa nokon Prest, um den Presten var aldri so uverdug. Ein laut taka imot ein slik Prest som ei Straff fraa Gud og Straffi fraa Gud laut ein taka med tolug Mod”: Etter det maatte ein Prest aldri peikast paa. Ensad nokon ein Prest, var det, som aa taka paa Augesteinen Guds og for det skulde ein verta straffat paa Livet. Det var berre Bispen, som hadde Lov til aa refsa Presten. Det var Jesus, som refsad Jødeprestarne og køyrde dei ut or Templet, difor er det han berre, som hev med aa refsa Prestarne. Bispen skal ein æra, liksom ein ærar Gud sjølv, og Bispen skal ein elska, som ein elskar si eigi Sjæl. Det er ingen annan som hev med aa døma Bispen enn Kristus sjølv, men daa Kristus hev sett inn Paven i staden sin her paa Jordi, so er det Paven, som skal døma Bispen. At denne Boki er diktat ihop og er soleis eit pia fraus, det veit alle no sidan Luther. Ein, som er litt framkomen Sogamann, kann sjaa det av Boki sjølv. Soleis er Maalet, ho er skrivi paa, nyare enn det gjev seg ut for. So er der blant anna eit Brev, som ein Pave skal hava skrivet til ein Bisp. Men no høver det so galet, at den Paven var daud væl halvt annat hundrad Aar fyrr den Bispen var til!! - Det er ikkje so beint aa dylja Sanningi, naar ein ljuga vil. – Dei gjet paa, at det er Erkebisp Otgar av Mainz, som hev gjort denne Boki.

 

 


Frå Fedraheimen 24.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum