[Kristiania, den 21de Okt.] Berner

 

 

tok seg for aa verja Regjeringi, han talad veikt og motlaust og varsamt som eit Statsraadsemne. Han sagde seg fri for alt Samlag med dei ”reine”, og kom med ei heil ny Forklaaring paa, korleis denne ”Splidgruppen”, som han sagde, hadde komet upp, han torde ikkje segja beintfram, at det var Hugen etter Riksraadskrakkar, som dreiv dei, berre leikad inn paa det; men det fyrste Kranglet var gjort av Steen, sagde han, den Gong han kom fram med Forslaget um den kommunale Skattelov, som skulde gjeva ein vidare Røysterett. Likesom han ikkje visste, at det Framlegget var sett fram med Samtykkjet aat Statsministaren, men det var ikkje fritt, anna Sverdrup der som i fleire Tilfelle var litt tvitungad, so at han gjekk fraa det snart.

 

Men verre vart det endaa, naar Berner tok til aa tala um ”Svensketarar” her i Norig; det var dei, som vilde ha’ fullrein Unionspolitikk, han kallad soleis. Ein skulde daa tru, at Maalmannen Berner var Nordmann lell, men der talad han minst som ein Svenske, elder kanskje det er som Statsraadsemne ein maa tala so til aa tekkjast den svenske Kongen.

 

Ingen fullnorsk Mann kann daa væl finna paa aa tala um, at me faae Nordmenner tenkjer paa aa eta upp  den store Svensken lell. Aa tala um Norsketing  i Sverik, det kann vera Meining i. Men aa tala um Svensketing  her i Landet, det gjer ikkje andre enn dei, som gjøler og kryp for Svensken. Det er simpelt, det er ingen Nordmans tale.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum