Arbeidaranne.

 

   

Næste Sumar skal det 4de norske Arbeidarmøtet haldast paa Hamar. ”Fællesstyret for de forenede norske Arbeidersamfund” hev sendt ut Rundskriv til Arbeidarsamlag, um at dei skal senda inn Forslag til Forhandlingsemne, og serleg bed dei um, at dei skal taka for seg ei Avgjerdsle, som Kristiania Arbeidarsamfund hev gjort. Ho lyder so:

 

Mødet udtaler, at saavel Retfærdighedsgrunde som Hensyn til en paa en Gang rig og betryggende Samfundsudvikling kræver Vedtagelse af det til Afgjørelse i kommende Thingperiode af Jaabæk med 36 andre Storthingsmænd fremsatte Forslag om almindelig Stemmeret.

  

Resolutionen oversendes Fællesstyret for de forenede norske Arbeidersamfund med Anmodning om uopholdelig at forelægge samme for samtlige Arbeidersamfund, Fag- og Arbeiderforeninger, og henstiller, at Arbeidermødet kommende Sommer af Hensyn til de forestaaende Storthingsvalg berammes saa tidlig, at der blir Anledning for Arbeiderne at gjøre sin Indflydelse som samlet Parti gjældende under disse”.

 

Dette Tiltaket likar me ovlæte godt. Arbeidaranne maa læra aa samla seg, skipa Samlag, der slike ikkje finst fyrr, og treda fram som samlat Parti ved Stortingsvali. Dei hev no so godt eit Samlingsmerkje, nemleg Kravet um Røysterett for alle, so det er sjeldan det byd seg fram noko betre. Difor maa dei nytta Høvet.

  

Det er ikkje berre for sjølve Arbeidaranne, at dette er ei vigtig Sak. Det gjeldst heile Politikken vaar, som i dei seinare Tider hev kløyvt seg i mange Smaainteressur og Smaaparti utan Kraft i noko av dei. Men tek Arbeidaranne aalvorleg fat no, vilde me faa att tvo store greide Parti her i Landet, nytt Høgre og Vinstre. Paa Vinstresida alle Fabrikkfolk, Dagarbeidarar, Haandverkarar, Husmenner o. s. fr. og der attaat alle mindre Jordbrukarar, Fiskarar, Sjømenner og dei gjævaste og mest upplyste av dei andre Samfundsklassar. Paa Høgresida: Rikmenner og Storfolk, Embættesfolk og Handelsmenner, Verkseigarar og Skogeigarar, Stordelen av Bønderne (allvist paa Austlandet), stutt sagt, alle Autoritetar og alle, som er autoritetsbundne, alle med Serrettar og alle, som er serrettsbundne. Paa Vinstresida alle som arbeider sjølve, paa Høgresida alle som liver av det andre Folk arbeider for dei.

 

Di fyrr me kann faa ei slik politisk Stelling, di betre er det. No hev Arbeidaranne teket til aa røra seg, og det er ogso Teikn til, at dei paa den andre Sida byrjar skyna si Tid. Bondepolitikken reiser Hovudet sitt, og Bønderne er som skapte til aa vera Storflokken i dette nye konservative Partiet, som i Fyrstningi vil hava Yvertaket, men som vil minka, etter kvart som Storbønderne vert nedsøkte i Skuld, so dei vert nøydde til aa ganga fraa Gardarne sine, og nye Folk kjem upp i Staden.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum