Fraa Paris.

 

 

Gode Fedraheim!

 

Naar ein kgl. norsk Høgremann skal nemna noko rektig stygt og fælt, so kann du mest vera stød paa, han kjem med Frankrike og Paris. Noko verre veit han ikkje av paa denne Sida Gravi.

  

Mykje stygt er her og; det nyttar det ikkje aa dylja. Um ei gamal Kristianiakjering kom her ned, vilde ho korsa seg og ynskja, ho var væl heime att. Her trivst ho ikkje.

Ingenstad høyrer ein somykje nytt. Dagstøtt hender det eit og anna, som gjev Folk noko aa røda um i nokre Dagar. Og hender det ingenting, so lagad ein til noko.

 

Det siste er Caffarelgreida. Ho er mest utruleg; men sann.

 

General Caffarel hadde Plass i Krigsdepartementet. Store Pengar gjekk med for han, og daa ikkje Løni rakk til, selde han Ordenstekn til Rikfolk. Det er mange, som gjerne vil hava ei Stjerne paa Brystet, og dei hev betalat han like upp til 40,000 Francs for ho. Dette var ein lettvint Maate aa tena Pengar paa, totte han, og mange Pengar hev han fenget inn.

 

Folk gjekk ikkje beint til han. Han hadde ein Millommann, heitte Mad. Limousin, og ho gjekk dei til. Ho førde dei til Generalen.

 

Politiet fekk endeleg vita um dette. Ein Politimann klædde seg ut, gjekk til Mad. Limousin, gav seg ut for Fabrikeigar og meinte, han hadde fortent ein Orden etter alt det gode han hadde gjort. Ja, ho totte det same, fylgde han til Generalen, som straks var einug.

 

Men daa viste Mannen, kven han var. Straks etter vart baade Generalen og Mad. Limousin sette fast. Av Brevi, dei fann hjaa ho, synte det seg, at ei Mengd Storfolk, ja sjølve Boulanger var med i Spilet. Han fekk nokre av Pengarne han og.

 

Mad. Limousin er ingi vakker Kvende. Stygg er ho som eitkvart vondt og stutthalt attpaa, men dugleg og listug er ho, det er visst.

 

Caffarel er avsett og Boulanger sit fast. Det er mest utrulegt, at ”Folkets General” sit i Fangeholet; men han lyt no bøygja seg for Loven han som andre. Han er dømd til 20 Dagars strengt Fengsel for det fyrste.

 

Det vart sagt, at Caffarel og Hjelparanne hans skal hava sent vigtuge Upplysnignar til Tyskland. Er det sant, so sanneleg er det fælt.

  

Naar no ein god norsk Høgremann les dette, so tenkjer eg meg, han segjer som so:

  

Ja, der kann de sjaa; soleis ber dei seg aat i Republiken Frankrike. Nett likeins vilde det gaa hjaa oss og, soframt me ikkje hadde Kongen”.

  

Ja, dette kann han segja. Men hev han so sant litt Kjennskap til Frankrikes Soga, so veit  han, at dette ikkje er Grunnen. Han veit, det er Ettersleng fraa Keisardømet, daa Fedralandet var inkje, og Keisaren alt. Han veit, det gjekk mykje verre Ting for seg daa utan Straff; medan Straffi no vil koma sovist som Morgondagen.

 

Det er ikkje greidt aa vita, kva det vil koma ut av alt tilslutt. Framtidi vil snart syna det. Eit av Bladi her, Le Petit Journal, lovar, at det snart skal koma meir av same Slaget. Dette vilde vera godt. So kunne ein faa taka alt med ein Gong.

 

Du skal faa høyra meir um Saki seinare.

 

 

Un Norvégien.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum