Kristiania, den 21de Okt.

 

 

Albert  Jacobsen  hev no Folk endeleg lært aa kjenna. Dei log av han paa Møtet, der han stelte seg so upp med aalvorlege Miner og let Fraseflaumen renna og freistad røra Folk med aa fortelja, kva Offer  han hadde gjort Fedralandet. Han fortalde kva han hadde ofrat (ein Kapteinspost, og det var og fyrst etter mange Gruningar, han visste at det var meir aa vinna enn aa vaaga paa det); men han fortalde ikkje, kva han hadde fenget att, nemleg innmot 10,000 Kr. um Aaret.

 

Soleis løner Fedralandet ein Skinnfeldpolitiker.

 

Berre Komediespil.

 

Det kunne ein tru. Det vart ikkje noko av heile Greida med Raadleggingi i Raadløysa. Alle Statsraadsmøte og alle Rødurne Mann og Mann imillom, alle Reiserne millom Stockholm og her, og no at Kongen sjølv maatte koma beinast hit, fyrr han hadde fenget kvilt seg ut nok etter Jagtreisa si, og laut leggja sitt Øyra til alle 3 Flokkarne i Raadet (dei som vilde gaa og dei som vilde staa og dei, som vilde baae Slagi) – idag endeleg hev Raadet vortet samstelt um aa raada Kongen til aa raada Raadet, at dei skulde taka den Raadi, at dei skulde verta sitjande i Raadet alle saman, til dess Stortinget kjem saman, so dei fær sjaa, um dei fær eikvar Raad der i Raadløysa. Statsministar Sverdrup vil beda Tinget um Tillitsvotum, fyrst det kjem i hop.

Daa fær me sjaa, um ikkje Stortinget skulde vita Raad for raadlause Gutar!

 

 

Tru ikkje ”Sædelighedsforeningen”kjem til aa leggja Sak imot Justitsminister Sørensen for aa ha hjelpt til ”Udbredelse af usædelige Skrifter”?

Ei slik Foreining held naturlegvis ”Albertine” for aa vera ei sedlaus Bok. ”Albertine” veit De, fortel um, kor sedlaust Stell det er i Kristiania.

Hadde den Boki fenget gaa laus, hadde kanskje 2-3 Tusind leset ho. Det at Justitsdepartementet tok dei faae Eksemplar av Boki som ikkje var utselde, gjorde at 15-20 Gong fleire Folk las ho.

  

Forfattaren Chr. Krogh vart dømd av Høgsterett, Byrettens Dom godkjend, men Boti sett ned fraa 200 til 100 Kr. Forsvarstalen hans, som inneheld dei 3 Stelle, som han vart dømd for, kom i VerdensGangigaar, (som det ikkje hadde gjort, um Boki hadde gjenget fri) og vart send ut til 10,000 Lesarar forutan dei Hundrad Blad, som vart selde i Byen. Daa det berre var att nokre Hundrad av Upplaget, kom det Order um aa taka dei og leggja Sak mot Thommesen. Dette gjer, at 10 forvitne vil lesa det Nummeret. Departement og Domstolar hev soleis skaffat ”Albertine” umlag 150,000 lesarar.

 

 

Den som grev ei Grav for andre o. s. b.

 

Dei høge Ofiseranne hadde tenkt ut eit Spik. Dei vilde ikkje senda nokor Ærevakt til Slottet, naar Kongen kom, daa kom ikkje han til aa verta naadig mot Forsvarsministaren Johan Sverdrup.

 

Kongen kom, berre tvo Konstablar stod uppe med Slottet.

  

Kongen bisnad og vilde hava Greide paa, koss det hadde seg. Jau han fann ut, at det var General Wergeland, som ikkje hadde viljatsenda upp Folk.

 

Det var ikkje Sverdrup, som fekk Skrubb den Gongen.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum