Litt av Kyrkjesoga, mest um Tiend og Hovudtiend.

 

(Del 4 av 6. Fyrste del.)

  

(Av Olav Sveinsson).

 

 

IV.

 

 

I England vart Tienden teken i ein Del av Landet i 794 og i ein annan i 855, altso umkring Tidi Karl den stores. Etter Lovarne, som vart gjevne av Ethelred, skulde Tienden skiftast i tri Luter, ein til Presteskapet, ein til Kyrkja og ein til dei Fatike. Korntienden skulde dei leggja paa Aakeren. Engelskmannen tok soleis ikkje den Utlutingi, som Karl den store lovfestad. I Sverik var ogso Delingi litt onnorleis. Presten fekk det meste der. Han tok Tridjedelen, og det, som daa var att, vart bytt likt millom Bispen, Kyrkja og dei Fatike. Presten fekk soleis der ein niande Del meir enn kvar av dei hine.

Olav Haraldson, som dreiv Kristendomen inn her hjaa oss, tvingad ikkje Tienden paa Folket. Som me veit, so tok han hardt paa dei, som baud av og ikkje vilde taka Trui. Motburd kugad han med Vald. Men ellest so beinkad han seg etter Folket mest han kunne med Kyrkejskipnaden. Det er truleg, at desse Bispar og Lærarar, som han hadde med fraa England, Grimkjell og dei hine, og som var Hovudmenn for Kyrkjeskipnaden, at dei av Ætt var Nordmenn, endaa um dei var alne og lærde i England og att dei soleis væl kjende Sed og Skikk her og difor varad seg for aa koma med sovorne Lovar, som dei paa Fyrehaand visste, at Bøndarne vilde bjoda av for. Det heiter, at Olav gjorde Kyrkjelovarne so, som Grimkjell og andre vise Menn raadde honom til, og som Folket godkjende. Ei sovori Avgift, som Tiende, var reint ukjent her. Det vilde soleis voret Uraad aa leggja den paa Folket daa med det same, um ein ikkje med ei Gong vilde gjeva Folket Uhug paa den nye Trui. Folk her vilde kanske endaa sterkare enn Saksar og Daner sagt, at det var aa gjeva seg til Træl dette aa taka Tienden. Odelsbønderne vilde hava Jordi si fri for slik ei Avgift. Kyrkje og Presteskap laut difor faa Inntaket sitt paa ein Maate, som Bønderne fyrr var i Vane med. Kyrkjeskipnaden laut somykje som mogeleg støda seg til det, Folket fyrr kjende. Til Livebraud for Prestar ved Fylkjeskyrkjurne lagde Olav, etter Tilraad av Grimkjell, Jordegods. Attaat dette lagde han ei Avgift paa Folket, noko visst etter Folketalet, til Prest og Bisp. Denne Avgifti kallad dei Reida (Prestereida og Bispereida), altso med same Namn, som den Aalmugen fraa gamalt hadde aa svara Aars aarleg til Herstellet (Leidang o. sl.). Elles hadde Prestarne sers Betaling for kyrkjelege Forretningar, som Daap, Konfirmasjon, Soknebod o. m. sl. Adam av Bremen fortel at Daap, Konfirmasjon o. m. er kostesamt hjaa Nordmenn som hjaa Daner og dette kjem av, segjer han, at ”desse Villmenn enno ikkje veit av nokon Tiend og difor vert dei persat i anna, som burde vera fritt. For Soknebod, Jordeferd, for alt lyt dei punga ut”.

  

Reida kunne venteleg greidast anten i Vare elder Pengar og den var ikkje stor. Sumestad var det nok so, at Aalmugen vart samde med Presten sin um ei viss Løn, som daa vart liknad ut paa Soknefolket. Reida var altso ikkje som Tienden noko, som laag paa Jord elder Avling, men paa Mannen elder Personen.

 

Ein Slags Tiend var der daa likevæl, ein som dei kallad Hovudtiend. Den var ikkje som hin, ei aarleg Avgift, men ein tiande Lut av den lause Formua ei Gong i Livetidi. Um Upphavet til den, veit dei litet, daa der er so lite Utgreiding um den i dei gamle Skrifter. Dei trur, at den, som mange andre slike gamle Utlegg, fraa Fyrsto var ei friviljug Gaave, som seinare vart til ein Sedvane og tilslutt til ein Skyldnad. Den vart fraa Fyrsto lagd ved eit elder anna aalvorsamt elder vigtugt høve i Livet, jamnast kanskje som eit Testament, Sjælegaave e. likn, gjevet anten av døyande paa Sottesengi elder av Ervingarne i Likferdi. Etter Gulatingsloven kunne det sjaa ut som at det berre var Prestarne, den gjekk til. Men det var nok so, at den vart bytt paa same Vis som den hin Tienden. Um Hovudtienden berre var i sume Fylke i Landet elder i alle er ikkje visst. Sume meiner, at det berre var visse Fylke, liksom Upptelemarki, andre at den var andre Stader ogso, men at den vart havd og gjekk av Bruk der, som dei tok paa seg aa svara den aarlege Tiend.

  

Folket sat for det meste med Rett til aa vera med aa velja Prestarne sine, ja det hadde jamvæl noko aa segja i Val av Bisp ogso, um det no var Kongen, som sette honom inn i Embættet sitt. Presteskapet hadde soleis ikkje nokon Slags Magt og Velde. Men det gjekk so her og, at Kyrkjemagti litt um Senn, etter som Kyrkja fekk auka Inntaket sitt, og fekk fleire og større Embætte. Ogso her var det Kongemagti, som hjelpte Kyrkje- og Prestemagti fram til at ho tilslutt var paa aa skulle veksa Konge og Folk yver Hovudet. Det fyrste Stiget gjordest daa dei fekk inn Tienden, og det var Sigurd  Jorsalafarar, som lagde den paa Folket. Han fekk av Kong Baldvin i Jordsalaland nokre gamle Etterleivur (Relikvier) etter avlidne Heilagmenne og millom dei, som den gjævaste, ei Spik elder Mole av den heilage Krossen, som Gud sjølv vart pint paa. Baade Baldvin og Yverbispen i Jorsalir gjorde sin dyre Eid paa, at Spiki var av den rette Krossen, og fekk so Sigurd den, mot at han og tolv av Mennerne hans med likso dyr Eid lovad aa faa Tienden inn i Noreg og dertil grunna eit Storbispe-embætte der.

 

Her ser me ei pia frausatt. Som me veit, so var det meste heile sjau Hundrad Aar der fyre, at ho Helena, Mor aat Konstantin den store, etter Segni hadde funne denne Krossen i Lag med tvo andre, som daa vel var Røvaranne, nedi ei Hola under Tufti av eit Venustempel, som stod der, som dei meinte, at den heilage Grefti hadde voret. Jamvæl den Tavla, Pilatus hadde skrivet paa og Spikerne etter Krossfestingi, hadde dei funnet. Ved eit Jarteikn hadde dei skilt ut det, som var Frelsarens. Den eine Delen av Krossen tok dei til Konstantinopel og den hin var att i Jorsalir¹). Men so drjugt var dette Treet aa taka av, at det varde i mange Aarhundrad, endaa at dei kvart Aar delad Moler ut til ei uteljeleg Mengd Valfararar, som fraa alle dei kristne Landi kom for aa vitja dei heilage Stellurne. Ettersom Tidi leid, haugad der seg upp so mange av desse Tremolarne i Kyrkjur kring i Europa, at ein av dei gjerne kunne fengjet Verkje til mange hundrad slike Krossar, som dei tok Molarne av. Tenk so all den Rikdom, dei sankad inn med Seljingi av desse Flisar! For ei slik Flis var det, at vaart Folk laut taka Tienden!

 

Det var desse tvo Ting, som Presteskapet mest saknad her: eit rikt Inntak og ein Kyrkjeskipnad (Organisasjon) med ein Kyrkjekonge elder Storbisp i Toppen. Der Kyrkja fekk desse tvo Bein aa staa paa, der kunne det i Pavetidi vera Von um, at Kyrkjemagti kunne halda att med Kongar og Folk og iminsto vera ein Jamkulting um ikkje Yvermann i Magt. Forutan Mammon elder Autoritet vil det ikkje ganga for seg aa vinna Velde, Age og Lydnad i denne Verdi, det er noko kvar kann røyna.

 

Men det er sutfullt og harmelegt aa tenkja paa, at Tiend, Jordegods o. sl., som dei kristne i den fyrste Tid i rett Kristenmeining gav til Kyrkja til Hjelp berre for dei Fatike, at det tvert imot det, som var meint, vart ein av Grunnsteinarne til Pavevelde og Prestemagt og ei Hjelperaad for mange, som i Guds Namn vilde liva godt og ”herska yver Arven av Herren”. Kor mykje lenger fram hadde ikkje Kyrkja vunnet for Sjæli si, um ho hadde gjevet litt meir Gaum etter Ordi aat Meistaren sin: ”Gak burt, sel det, du heve, gjev det aat dei Fatike og kom og fylg meg!”Desse og mange liknande Ord, djupe, sanne og aalvorsfulle, som Jesu Ord berre kann vera, dei tykkjest staa der til ingenting for det meste. Men difor gjekk det som det gjekk. Det, som Kyrkja kanskje trudde skulde vera henne til størst Bate, just det hev gjennom Tiderne valdet henne størst Mein, Skade og Tap. For kva hjelpte det um Kyrkja so vann all Verdsens Rikdom, Magt og Herleik, naar ho tok Skade paa Gudsriket inne i seg? Istaden for at ho skulde voret Truesmagti, Aands- og Hjartemagti og soleis Ljoset og Saltet i Verdi, so vart ho til ei Herskarmagt, ei Verdsensmagt, med same Sjølvnytta, same Magtsjuke, same Likesæla for dei, som vart nedkugad og leid Urett, som den reine Verdsensmagti, ho laag i Tevling og Kapprenn med um Høgsætet. Og det, som er verdt aa sjaa: Det, ho brukte for aa naa fram til dette Fyremaalet, det var mangein Gong ikkje det Grann betre, enn det, som Motparten brukte til same Augnemerkje.

 

(Meir.)

 

¹) Spikarne sette dei til Prydnad paa Hovudet av ei Bilætstytte av Keisaren!

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum