Kommoden

(Roman, 2007, utdrag)

Jolver står på kjøkenet og rører rømme og maismjøl inn i fiskekrafta, då han hører ein bil rygga opp langs husrekka. Han går til vindauga for å sjå. Han reknar med det er ein av naboane, men lyden av bilen er ukjent, og sidan det er bursdagen hans tenker han ein augeblink det kan vera noko til han.
    Det er Bitten som kjem heim i ein stor taxi. Ho og sjåføren går bak bilen og lempar ut eit møbel. Dei ber det mellom seg til ytterdøra. Jolver hører korleis Bitten strevar med å få ned dørhandtaket samtidig som ho held oppe møbelet. Han irriterer seg over at ho ikkje har opna døra før ho begynner å bera. Han lurer på om han skal springa ned trappa og hjelpa til. Men han må ta seg av sausen. Dessutan lurer han på korleis ho kan få seg til å kjøpa endå eit møbel utan å spørja han og til og med på bursdagen hans.

    - Jolver! ropar ho nede i gangen.

    - Hallo? svarar Jolver.

    - Kan du komma ned!?

    - Kva!? ropar Jolver.

    - Kjem du ned!?

    Han hører at ho blir med sjåføren utfor døra og betalar og takkar for hjelpa. Ho verkar så munter at Jolver blir glad. Han tenker det kan bli ein fin ettermiddag før gjestene kjem. Derfor bestemmer han seg for å ikkje bli irritert for dette innkjøpet hennar. Han tenker at ho snart kjem til å sjå på han med skyld i blikket, slik ho plar gjera når ho har kjøpt noko impulsivt. Som ein jentunge som skjemmest over å ha latt seg leda av si eiga lyst. Lysta til å kjøpa.

    Jolver reknar med at han snart vil sjå henne slik. Han reknar med at det å vera så lystig i stemma er noko ho har bestemt seg for på veg heim frå byen. Ho har overbevist seg sjøl om at ei kvinne på hennar alder som jobbar i helsevesenet i Norge bør kunna kjøpa seg eit møbel ein gong i blant utan å mista sitt gode humør. At ho faktisk heller bør vera i godt humør fordi ho er i stand til å skaffa seg slike ting for sine eigne pengar.
    Det hørest gjennom lystigheita, synest Jolver, at det er ei lystigheit ho har stabla på beina ved å argumentera mot si eiga fornuft. Han veit han kan bruka det overtaket ho gir han på denne måten, at han liksom er eit betre menneske fordi han ikkje har kjøpt noko. Tvert om har han stått heime og laga middag, til og med fiskemiddag som er så sunt, tenker han at ho tenker. Men i staden for å bli irritert, vil han hjelpa henne med å halda lystigheita oppreist, bestemmer han seg for. Ja, han vil la den barnlige gleda hennar også bli hans. Han vil kanskje skryta av møbelet. Korfor ikkje? Kva betyr eit møbel frå eller til i eit langt liv? Han fyller femti år i dag. No kan han vera med på å gjera denne ettermiddagen ekstra lystig og kjekk. Er det ikkje nettopp dette han har lest om kjærleiken og samlivet, at dei involverte må gjera ein innsats. Ingenting kjem av seg sjøl. Heller ikkje dei gode ettermiddagane.
    Straks ho er inne igjen ropar ho namnet hans på nytt. Sausen kokar opp. Jolver slår av plata, skubbar gryta halvt til side og går ned til henne.

    - Gratulerer med dagen, seier ho.

    - Takk igjen, seier Jolver.

    Ho gratulerte han ved frukostbordet og.

    - Er han ikkje fin? seier ho.

    Ho snakkar om møbelet. Det er ein gammal, skeiv kommode. Handtaka på skuffene er brune av rust. Treverket er grått med restar av grøn og gul måling. På kvar skuffe er det skore ut ei grein med eit lauv på.

    - Kva vil du med den? seier Jolver.

    - Det er din, seier Bitten.

    - Min?

    - Det er jo bursdagen din.

    - Har du kjøpt ein kommode tilmeg? Kva skal eg med ein kommode?

    Ho ser han rett i ansiktet. Ho ser skremt ut.

    - Eg held på med sausen, seier Jolver og klyv opp trappa igjen i lange steg.

 

Fiskekjøtet har falle frå kvarandre i små bitar. Det er den grove steikespaden i plast som har gjort det. Det er ikkje lett å få han inn under fisken. Jolver måtte dytta han hardt mot fiskestykka, så hardt at dei glei mot kanten av steikepanna, og først der hadde han fått pressa spaden på plass. Dette hadde blitt for mykje for fiskekjøtet. Det blei bortimot knust.
    Han hører at Bitten flyttar på kommoden nede i gangen. Han reknar med at ettermiddagen no er øydelagd. Dei vil eta middag i lag utan å snakka. Dei vil legga seg til å kvila. Så vil ho stå opp og laga blautkaka. Dei vil pynta og venta på gjestene og ingenting vil vera fint.
    Han har skremt henne. Men han forstår ikkje korleis det skjedde.
    Han går bort i trappa. Han vil ropa ned eit unnskyld. Men så kjem han på at det er bursdagen hans, og at ein heller ikkje skal gi seg berre for å komma unna ubehagelige stemningar. Ein skal vera ærlig. Det snakka dei om
på meditasjonskurset og. Ver ærlig. Han ombestemmer seg og går til vindauga. Han ser ut over hustak, grøne åsar med grøne og gule tre, vegen ned mot butikken og skulane, straumleidningar, eit par norske flagg på halv stong.
 
Men kva slags ærligskap er dette? tenker han. Eg prøver å vera imøtekommande, men eg får det ikkje til. Korleis kan eg få retta dette opp igjen utan å seia unnskyld? Han mistar taket på desse tankane. Dei er glatte og uklare. Han står ved vindauga og prøver å nyta utsikten.
    Bitten går inn på badet. Ho lukkar døra etter seg. Jolver hører vatnet renn i vasken. Han får lyst å sjå på kommoden. Han synest plutselig synd på Bitten som har hatt så mykje arbeid med å få heim den svære presangen til mannen sin, for så å bli møtt med eit nei takk til takk.
    Men kva skal han med ein kommode? Ho veit vel at Jolver aldri i sitt liv har ønskt seg eit møbel. Han synest jo nettopp at dei har så altfor mykje møblar i huset. No når jentene har flytta ut skulle dei ha mindre bruk for kommodar enn nokon gong. Derfor vil det virka løgnaktig av han å seia unnskyld for å ha uttrykt noko han eigentlig meinar. Han har til og med uttrykt det så mildt og vennlig han berre kunne.
 
 

Frå Rune Belsvik: Kommoden. Cappelen 2007. Side 5-8.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.