Verdas mest forelska par

(Barnebok, 2001, utdrag)

Bidger og Esmiluni
 
Alle stader i verda finst det forelska par. I dei største byar og dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Det finst over alt. Dei to som er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei.
    I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka.
    Bidger og Esmiluni.
    Esmiluni og Bidger.
    Dei var dei rette for kvarandre.
 
Bløygen er ein liten stad i verda. Den er så liten at du kanskje ikkje finn den på noko kart. Mange som har prøvd å finna vegen, kjørte feil og kom aldri fram. Men dei som bur der, veit at dei er komne til rett stad. Dei er i Bløygen, der alt det bløygske hender. Der kan dei handla mat i butikken til Pinnesvein. Dei kan kjøpa fisk i fiskebutikken til Fiskeguri. Dei kan få råd om små og store problem i Trøbbelkiosken til Bøttefanten. Dei kan kjøpa julepynt i Julepyntbutikken til Bidger og Esmiluni. Dei kan gå inn når dei er ute. Ombestemmer dei seg, kan dei gå ut igjen.
    Kjem dei nokon gong i tvil om dei er komne til rett plass likevel, kan dei ta ein rusletur på Bløygenstranda og tenka seg om.
 
Midt i Bløygen sto Bløygens einaste lyktestolpe. Rett under den vesle dusjen av lys låg Bløygen kommune sitt rosebed.
    Det var ein einaste bensinstasjon i Bløygen.
Den var så liten at den berre hadde småsjokoladar og rosiner i godtedisken.
Men det jobba ein fyr der som hadde ein stor draum. Jan heitte Bjørn Disel og drøymde om at han skulle bli kjærast med Esmiluni. Han drøymde at ho skulle gå frå Bidger og koma til han. Bjørn Disel drøymde så mykje om Esmiluni sine store, brune augo og hennar svarte, lange hår at han gløymde ut kundane sine. Dei måtte dunka myntane hardt i disken for å få han vaken nok til å ta mot betaling.
    Av og til var det nokon som spurde Bjørn Disel kva han syns om Bidger.
    - Bidger? sa Bjørn Disel. - Bidger er ei pølse.
Han burde ikkje hatt lov til å gå laus. Han skremmer turistane. Han er så ekkel at eg får makk berre eg tenker på han. Eg vil ikkje tenka på han. Kven var det som begynte å snakka om den sleipe pølsesnabben Bidger midt på min eigen bensinstasjon. Hæ? Var det du?
    Då gjaldt det å teia stille og sjå ein annan veg. Bjørn Disel var stor og sterk. Han kunne løfta ein liten bil og rista den i gong om nokon fekk startproblem.
    Eg kunne latt vera å nemna Bjørn Disel. Men kjenner eg han rett, kjem han til å blanda seg inn i forteljinga uansett. Då er det like godt du veit kven han er heilt frå starten.
 

Frå Rune Belsvik: Verdas mest forelska par. Cappelen 2001. Side 9-11.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.