Ein skuledag

(Lesestykke, 1885)

Av Hallvard Bergh

 

Let uss no alle snøggast sjaa inni ei skulestogo ifraa sluttna'e taa heno aarhundra'e. Ei 30-35 bødn ha ra'a se ikringo dæ lange borde, gjentudn i benkji ovafere, o gutadn paa bordkrakke; noko hengji uppi legun o dingle me føto, noko taa dei minste ha vaggla se paa slabenkløke, noko sita her, are kor dæ raaka. Alle kappast um o lesa fortast, o dei skrikji so illhervele, at d'æ oraa høyre manns maal i stogun. Skulemeistaren driv att o fram paa gølve, svalla no eit ord ve sjølmann, so stend burtve stabbin o telgji paa eit grevskaft, no tala han ve kvemmennadn o ungadn, so tulle framve peisen, no driv han burtover te skuleungo att. Ser han noko so han kji lika, so glytte han uppte hono meistar Erik, so ligg brøye se so vi deruppaa skaaptake. Ve han held paa svalla ve kjeringe i huse um ei høne, so ha døtte aav nie løgbytta - eit vondt teikn -, slutta ein gut mæ lesingen o stille se te gjeva siemanne seno ei spretteklype paa nasin. Detta sjaa dei are o skjera i mæ ein skraslelaatt. "De dikka førbankele trøllskap de era, vilje de kji lesa de!" skrik skulelæraren, kjem sendand, tæ guten i hæddna o lugga baade uppete o nete, so haarlagdadn fljøge. Alle lesa so dæ dura. Ein lang ein, so sit fremst paa bordkrakke o stabbla i kakjismun, synist væl dæ fell tungt o lesa so fort so dei are; istan før o halde se te dæ so staar, skrik han so høgt o so fort, han æ go te: "ko seie du, ko sa du, ko seie du, ko sa du!" Ress so dæ æ, stane alle dei are mæ ei gong før o høyre paa han, so lesingi hass høyrist lytt over heile stogo: "ko seie du, ko sa du!" - "Jau, dæ ska e førtelja de dæ", ropa skulemeistaren o gjev han o eit nakkedrag, so huvu hass klakka te inni skaape. So ska han te overhøyrast. "Du--skaa-all-ik-ke-sjæ -sjæle", stamma guten. "Synist du, du kann leksa di?," spør skulemeistaren. "Vil du svara me paa ein ting, Ola: ko lengji ha du meint de te vera hedning du daa? - Du lyt ta uppattlekse". No gjeng han sviv att o fram paa gølve ei ri, set se burtaat peislae te verme føtadn sene o mala se ei go snusnyse. Lite attimyljo glytte han burtaat borde, men lesinge gaar gøtt. Ress so dæ æ, renne tvo lange guta i luggen aat inan; ein krøkji se unde borde, ein bit siemannen sin i øyrestolen, ei tryaa fire sita gjeipe dæ ljøtast, dei æ go fere. Kvednahuslesinge stana; noko skraslelæje, hene kvine o kvinke. No lyt landverne kummederast ne taa skaaptake o gjere go tenist. Um 2 langvisartima les heile horge att, so dæ flyg tøppo i øyro paa dei, so inne era. Skulemeistaren trona i hægsete; han meistar Erik ligg frammæ hono. Ein stor massingsnusdaase staar paa borde. "Skulemeistar, skulemeistar, han Jyggjer spenne me paa knjøne!" kvinka ei gjente o truga se te graate ei par turra taare. Han Jyggjer faar no like før omaken sin. Gjenta synist dæ æ moro, at han faar høgg; men han gleine stygt paa ho o løva hen' dæ, at ho ska ha dæ atte.

No tæ skulemeistaren te overhøyre ei gjente, so les i vangjilboken um Herodes den store. Daa ho ha stauka se igjøno leksa si, segji han: "no, unga, kunne de slutte mæ lesnae ei stund o høyre paa me. Me sko ha uttydna dene rie, skjøne de". Gutadn stikke bøkadn sene uppunde vesten, gjentudn gøyme sena i barme. Skulemeistaren skuva glasaugo uppaa skallin, sviv att o fram paa gølve o hosta o kremta. Te all slutt tæ han soleine te ords: "Kodan mann va han, den Herodesen? Han va - han va ein -?" "Ein Svenskji", seie ein gut, so ha høyrt far sin skøy Svenskadn fælt mykji. "Nei," svara læraren, "Herodes va kji or Sveri, men or eit lannskap, so ligge nemme ve; o hvad var dæ han gjorde ?" "Han gjorde inkjinoko", svara gjenta te. "Nei dæ æ sant dæ; han gjorde inkjinoko, taa di han va -, ka va dæ han va?" "Grannin aat Svensko", svara guten atte. "Du daa, gapen, du kann halde kjafte di, e sporde kji de. Er det ingjin, so kann segja me, ka Herodes den store va?" "Kunge i Jødeland", svara gjenta atte. "Ja dæ æ sant dæ, Marit, han va kunge i Jødeland; du lyt svara jamt du, so svara so gøtt. Ko va dæ no Herodes sagde, dei skull gjera?" Ungadn stire paa inan, unde borde, uppi take, dei sjaa hit o dit; men dæ æ ingjin, so æ go fere gjeta paa, "ko dæ va no Herodes sagde, dei skull gjera". "At alle drengebørn so" - hjelpe skulemeistaren te. "At alle drengebørn, so va over 2 aar gamble, skulde kastes i Nilen", svara han Jyggjer. "Dæ va likeso gøtt, me kasta de i Nilen, tenkji e!" seie skulemeistaren. "Nei han sa - no ljøte de lye gøtt ette, ko e seie - han sa, dei skulde dræbe alle drengebørn, so - va over 2 aar gamble. Hugse de dæ no daa? Le me høyre?" Alle taka uppatt, dæ han sa. Feilen æ dæ ingjin so ser. "Ko va det taa Herodes?" Ingjin kann svara. "Hvad var dæ, han gjorde daa, meina e?" "Han gjorde inkjinoko", svara han Jyggjer att. "Nei du ha rett i di, han slapp gjera noko, taa di han va kunge; men ko va dæ han gjorde lell? Før -? Han gjorde før -? før --? Ko va dæ han gjorde, Marit, du pla vera so flink du". Ho Marit o alle dei are grunne paa eit ord, so fyste stavilse æ "før" i, men "føre" æ dæ einaste, dei koma paa; o dei synast dæ kji høve skjele aa segja, at Herodes den store gjorde føre. Men han Jyggjer faar dæ te høve lell han. "Han hadde dei te kjøre snjøpløgen, ner dæ va fælt snjøføre", svara han. "Du æ so ein snjøpløg du. Nei, Herodes gjorde førma-? førmas-? No, Marit, ner du hengji "tils" i ættre endin paa "førmas", ko bli dæ daa?" "Førmastils!" "Dæ va bra, Marit. Førmastils! Daa Herodes sa, atte dæ dei skulde dræbe alle drengebørn, so va over tvau aar gamble, daa gjorde han førmastils. Hvad er det, so kallast førmastils? - Dæ æ mest kji ventand, de sko veta dæ; førmastils, dæ æ eit hart ord dæ; men vilja de høyre væl ette, ska e segja dikka dæ". Han hosta o kremta o tæ soleine te ords: "ner du, Jyggjer, lægger ei hærv mæ tindadn upp o so klyv aav uppaa eit hustak o stupa de ni hærve, so gjere du førmastils". Ungadn gjera store augo o tenkji, at Herodes laut vera ein harbalin kar, ner han gjorde slekt. "Kunne de no segja me, ko Herodes den store gjorde?" "Førmastils", syngje alle paa ei gong. "O ko er det, so kallast so ?" "Ner ein legg ei hærv me tindadn upp o so klyv uppaa eit hustak o stupa se te ni hærve", syngje dei i munn paa inan. "Rigtigt, dæ va bra, dæ va gøtt; de blia glupe no", svara læraren. "Slo han se kji ilt daa, daa?" spør ein taa smaaguto, so ha vaggla se paa slabenkløke. "Kem?" "Den kungen so klauv aav uppaa hustake o stufte se nie den hærve, veit e". Skulemeistaren ser paa han ei liti ri o svara: "dæ æ likast du tasla sta spør han, meina e".

 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Side 193-196. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad