Gauken

(Artikkel, 1888)

Av Brita Bjørgum

Folk flest hev slik vyrdna fyr gauken, endaa dei fælt sjeldan fær sjaa, men berre høyra han. Lat meg fortelja kva kar han er denne gauken, som de trur so stort um.

Han kom sør ifraa um varen, daa snjoen vel var braana, markji grøn og lauve sprotte. Daa var her godt aa liva, og daa vilde han liva med oss og. Han sette seg paa ei grein og gol heile dagjen.

Folk hev trutt, at kjøte fyrst vert spekje, naar me hev høyrt gauken gala. - Eg trur ikkje, at det er slik vande aa faa det norske kjøte spekje.

Og slik som gaukamori er! Naar ho skal til aa faa ettekomarar meiner du ho vil ala dei upp sjølv? Aa nei, ho vart lik hine fuglarne daa. Det er det, som er det grovaste taa alt, at gaukamori skal vilja gjera seg til taa, at ho let andre ala upp ungarne sine.

Naar det lid til, at gaukapare skal faa seg ungar, so fer dei og smett og smyg i alle hol og smette, der smaafuglarne hev heimarne sine. Sume stad er det ikkje rette slag fuglar, sume stad er det ikkje kome egg i reiret, andre stad er ungarne alt store. Daa nytter det ikkje for gauken aa koma der. So finn dei endeleg ein stad, der ei fin og god erlemor ligg paa eggi sine. Soleis kjem det eine gaukeegget inn her og det andre der. Og smaafuglarne maa føda paa den storslukne yrkjelause gaukaætti, so dei ikkje fær tid til syngja, dei som venare maal hev. Men gaukeparet sit paa sine greiner og seier kop-tu! kop-tu! baade seint og tileg; grev makk, fangar flugor og ber til ungarne, men gauken er so storturvande, han fær aldri nok. Erla og steindylpen arbeider seg baade magre og graa, gauken riv til seg mesteparten, men andaa vil han ha meir. Smaafuglarne sine eigne ungar lyt svelta. Og ikkje nok med det, det fyrste gauken vinn bera hovue sitt, balar han med og vil hogga augo ut paa dei andre ungarne. Dei vert ikkje hans syskjen fordi, um dei er upalne saman, dei skal vera hans tenarar alle ihop. Kan dei ikkje det, so kan dei gjerne daua, det vert ikkje han, som syrgjer paa dei. Og erla og steindylpen og alle desse smaafuglarne, som lyt føda gaukarne, dei er so rædde, so rædde. For gauken klip etter dei og han. Dei tøygjer seg so langt som dei rekk, dei er rædde koma nære honom, sjølvum dei kjem med mat.

Og lengje, etter at dei andre er vortne sjølvføingar, lyt dei føa gaukungarne, dei som hev turvt so mykje og vokse seg so store. Endaa er dei ikkje framfødde! Det er noko dei kallar «apanasje» og, maa veta.

 
 

Frå Fedraheimen. 15de Juni 1888. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad