Lars Eskeland
Lars Øysteinsson Eskeland, folkehøgskulestyrar og diktar, ein av dei fremste folkehøgskulemennene i si tid. Han arbeidde svært aktivt for målsaka og likeins for bondereisinga.
![]() |
Lars Eskeland |
Lærar og målmann
Lars Eskeland var ein uvanleg dugande lærar. Gamle elevar nemner serleg timane med foredrag, der han tok opp etiske spørsmål og religiøse, historiske og litterære emne. Han kunne fortelje slik at det greip dei aller fleste til deira inste. Føremålet med skulen, slik han utforma det i ein skuleplan frå 1913, var at skulen skulle gi «turvande kunnskap og oppøving» og «vekkja og nøra eit kristelegt og heimleg liv». Og dette programmet arbeidde han etter.
Kyrkjeskifte
Lars Eskeland var eit djupt religiøst menneske, men han fann seg ikkje til rette i den norske statskyrkja, mellom anna var han sterkt misnøgd med at dei kunne diskutere Kristus. For Eskeland var det ein profanasjon av det heilage. Han var også svært oppteken av tradisjonen som den katolske kyrkja hadde i Noreg frå Heilag-Olav si tid. Etter mange års ettertanke gjekk Eskeland saman med Marta, kona si, inn i den katolske kyrkja i 1925. Stortinget nekta å gi statstilskot til drifta av Voss Folkehøgskule med ein katolikk som styrar, og Eskeland måtte då gi frå seg styret til sonen Øystein. Han heldt fram som timelærar ved skulen.
Lars Eskeland gav ut kring 60 bøker og skrifter med skiftande innhald. Mellom desse skriftene er ulike lærebøker i norsk språk og språkbruk, og innlegg i målstriden. Andre bøker inneheld talar og utgreiingar om folkehøgskulen. Han var òg lyrikar og gav ut fleire samlingar med dikt og gjendiktingar. Nokre av dikta hans vart mykje brukte som oppsongar i folkehøgskulen. Han skreiv biografiar om kjende opplysningsmenn, som Ole Vig og Anders Reitan, og i ei av dei siste bøkene fortel han nokre minne frå sitt eige liv.
Eskeland fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1925 og vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1935.
Frå Aslak T. Helleve: "Lars Eskeland", Allkunne.no, sist oppdatert 20.8.2010 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.