Haugesund i april

(Artikkel, 1918)

Av Hulda Garborg

Det er etter maaten rolegt i Haugesund no. Fisketidi er forbi, og vaarsildi ligg salta i tusundvis med tunnur paa alle kaiar. Staten hev kaupt ho, og 50 kr. tunna er maksimalprisen. I fjor fekk dei upp til 100 kr., og daa rann det gullstraumar inn i byen. Men tek ikkje staten snart sildi si og gøymer ho, so gjeng det visst gale; for soli bakar tunnune so bandi spring upp, og det luktar sild so ­ein vert mett berre ein gjeng der framum.
For her er vaar i Haugesund no. Uppi lyng­heidi ovanfor byen spankulerar viba, og lerka stend og vippar og syng høgt upp mot den silkeblaa himilen. Utanfyre ligg have djupblaatt og blinkar kring Karmøyi, der kvar liten heim er lauga i sol; og den kvite Avaldsnes kyrkja ligg som ei svane paa reir utpaa odden.­
 
Men yvi dei brune eimande pløygslune yrer det av sylvkvite maasar, som skrik i fysne og liver høgt paa sildehævdi. Sume stunder set dei seg og kviler paa ein lynghaug; og det er som heile hau­gen vert fullsett med kvite perlur so store som gaaseegg. Og soli skin i dei kvite brysti, so det er som eit eventyr aa sjaa.
So med ein gong flyg dei alle upp, skrik som hinmannen skulde vera etter dei, og heile flokken set til havs. Dei hev fengi eit bod, anten det no er um ein faare som hotar dei, eller um nye matgrytur som einkvar staden er fyllte.
 
Paa hamni er det stilt no. Men likevel kryr det med folk i gatune um kvelden, so ein framand maa tru her er upplaup paa kvart hyrne. Og framande tungemaal høyrer ein alle stader, helst svensk, tysk og dansk, I Haraldsgata driv folkestraumen att og fram; vaksne gutar med cigaretten i munnen og hendene i bukselumma, byrge og breie midt i gata, og blide gjentur med store hattar som mest slit seg av hovude paa dei i nordanvinden. Og berre halsar, høge hælar og heifallera! Det er ungdomen som raar! Og pengar tenar dei som gras; 12-20 kr. dagen er vanleg for vaksne, og ein 13-aaring fær 6, um han vil arbeide med jordi. Men likevel so heldt dei no sundagen var eit »pro­testmøte«; kva dei protestera imot, veit eg ikkje. Stemmerett og stuttare arbeidsdag enn andre hev dei; pengar tenar dei meir enn embættsfolk og stats­funktionærar med lang, dyr utdaning, og fridom hev dei til aa sitja i soli paa knausane kring byen og spela kort um pengar, til aa halda møte og moro og til aa sputte kvar dei vil. Sume vil sagte gjerne ha burt forbode, so dei ikkje skal ha so mykje bry med aa verte fulle; og dei vil ha meierismør og kveite­braud; men det kann me andre og stunde etter. Likevel so held me ikkje protestmøte; for me veit, at det ikkje er vrangvilje og vondskap av regjering og kommunestyre eller kapitalistovmod, som tek burt maten no; um sume rikfolk sagte hev kaupt upp mykje, so vantar andre plent det same som arbei­darane vantar; ja endaa paa slotte et dei no kval­smør. Og visst er det, at um arbeidaranevilde, um dei tenkte meir paa morgondagen, so kunde dei og skaffe seg mat, um ikkje nettupp meierismør.
 
·        I dag gjekk eg ein tur ut paa den gamle »Bakarøyno«. Der ute sat store flokkar av unge gutar og spela kort uppi haugane midt paa blanke arbeidsdagen; og sjølvsagt er det mest ikkje folk aa faa til noko anna enn altslag jobbar. Mange unggutar skal ha tent seg rike paa skipspartar, og gjentur med; og sjølvsagt hev forretninsfolke her jamt over tent store pengar. Her er bygt ei mengd med nye, dyre villa-ar i baae endar av den lange byen, og det er nok ikkje berre drøs med alle dei nye millionærane her. Mang ei eventyrleg soge hev eg høyrt desse dagane um det.
 
 
Ja, byen hev vorte rik; men her er og mykje aa bruka pengar til. Det er fælt ille med husrom, ikkje berre til privatfolk, som mykje maa ty til barakkur; men her vantar og alle slag kommunale hus, sjukehus, bibliotek, kunstlokale, o. s. b.; og her er meir enn fatigt med parkar og blomereitar. No skal daa alt gjerast; men slik som tiderne er, kann ein ikkje faa det som skal til, kor mange millionar ein hev, og det gjeng daa smaatt. Hauge­sund maatte kunne bli ein herleg by, naar ein god gartnar fekk frie hender her ei stund, og byen fekk eit »skjønhetsraad« som saag etter at det ikkje vart bygt so mange stygge hus. Mange av dei privathusi som er bygde dei siste aari er gode; nokre faa er endaa sers vene; men elles er det fælt det meste av det som er bygt etter at dei smaa tre­husi i den gamle stilen kom or moden.Deivar huglege og høvde til landskape; og ein vert glad naar ein kjem inn i eit sovore heimslegt hus. Som det huse eg var inne i i dag paa »Bakarøyno«, der bakarReimers, far til fru Karoline Bjørnson, budde i gamall tid. Han var nok den fyrste bakaren i Haugesund; og i desse laage, usegjeleg unelege romi hev fru Bjørnson trødt sine barneskor. No er det ein kjend og vyrd forretningsmann her fraa byen som bur der. Det gamle baksterromet og budi hev vorte store, gilde stovur.
·        Tvo gonger hev eg vitja ein god og velstyrd kommunal husmorskule her; alt er der so vænt og praktisk innreidt, at ein ikkje ser det betre nokon stad. Berre leidt at skeidi er so stutte - 5 maa­nar - og at ikkje alle rom er i bruk. Der kann vera 20 elevar, men der er no berre 14.
 
 
Ja, Haugesund er i slik ein ovvokster, at det mest er noko amerikansk ved det; og det er slett ikkje visst at Haugesundfolke vert nøgde med aa faa »posten  kastet ned« til seg fraa den nye luftruta.. Fær ikkje den stunder til aa stana her, so skulde det ikkje undre meg, um dei kosta seg luftskip sjølve.
Den som liver, fær sjaa. Haugesund er spa­nande som ein moderne detektivroman.
I bladi les me um kanonade utanfor Haugesund. Men ingen her hev høyrt noko; det er likso rolegt paa sjøen som det er livalt i byen; og nede ved hamni er det berre idyllar med voggande skutur utover dei smaragdgrøne og blaablenkjande sundi.

Maatte krig og kanonar alltid halda seg langt burte fraa denne fagre fjorden!

·        Eg skal til sist nemne nokre døme paa den økonomiske framgangen i Haugesund. Aaret 1913 rekna dei innkoma til 31/2 million og midelen til 23 millionar kr. Aaret 1916 rekna dei innkoma til 57 millionar og. midelen til 92 millionar. For siste skattetermin maatte Haugesund betala
i stats­skatt. ...................................Kr.4 187 643

Krigskonjunkturskatt.......................... ” 9 411 565

Tonnageavgift.................................. ” 2 250 175
Ihoplagt                                       Kr. 15 849 383
 
­Det er 2 399 963 kroner meir enn Stavanger, Skudesneshamn, Sandnes, Koparvik og Eigersund til saman.
I vinter skal der vera fiska vaarsild for 50 millionar kr. Ein kann daa ikkje undrast paa, at Haugesund, som er centrum for vaarsildfiske, hev havt gode tider. Men vert arbeidet godt lønt, so er det og dyrt aa liva her, og eigedomane, helst dei ved sjøen, hev stige fælt i pris.
Noko av det mest forvitnelege er likevel, at byen hev fenge seg eit heilt nytt og moderne skattesystem for eigedomar. Istadenfor den gamle maaten med aa taksere hus og grunn, ieitt. [sic] hev dei fenge serskild skatt paa grunnverde: Etter skattelov av 18/8 11 kann bystyri fastsetja, at grunnverde og verde av bygningar kann takserast kvar for seg, og dette hev dei gjort i Haugesund. Ein mann som er vel inne i desse ting skriv til meg:
 
»Det synte seg etter taksten i 1912, at grunn­verde var 8 954 000 kr. og verde av bygningar 10 963 000 kr. Grunnverdet var daa 45 % av taksten paa all fast eigedom. Utrekna paa dei 15 000 som daa budde i byen vart grunnverde 660 kr. paa kvar.
 
No reknar dei eigedomsskatten med 7 kr. paa kvart 1000 kr.s grunnverd og 4 kr. paa kvart 1000 kr.s bygningsverd. Lenger upp og ned kann dei ikkje koma; men vonleg vert det snart eit lovbrigde, so grunnverdskatten kann koma upp i 11/2 % og bygningsskatten bli stroken.«
Og han meiner, at skattelovi burdepaaleggjealle komunar og herad aa verdsetja bygningar og grunn kvar for seg, men lata deim sjølve avgjera, kor stort skattøyre dei vilde leggje paa kvart »skatte­objekt«. Og ny takst burde det vera 5te kvart aar, elles vert ikkje den nye skattemaaten so gagn­leg som han kunde og skulde. I Haugesund for­talde dei, at grunnverde no var minst 4 gonger so stort som i 1912; men enno er det 4 aar til det skal vera ny taksering. Naar skatteprosenten daa er 7 kr. av kvart 1000 og grunnverde firdubla, vert den effektive grunnverdskatten berre 7 kr. av kvart 4000, og det er so lite, at det vert aldri nemnt i den daglege eigedomshandelen.
 
 
Folk som hev vore med aa taksera eigedomar segjer at det er ingi kunst aa taksera grunnverde, men takseringi av hus er vanskeleg og vil alltid verte meir hell minder paa slump.
Det er vel ikkje tvil um at Haugesund vil gaa lenger og faa den nye skattemaaten fullkomen; og daa vil denne byen verte namngjeten som den store fyregangsbyen framfor alle andre i Norig. Grunn­verdeskatten vinn seg fram yvi heile verdi no; og alle skynar at det er eit grunnspursmaal for alle moderne samfund aa faa rettferdig jord- og eige­domsskatt. Den jobbingi med jord og hustufter som me no hever ei skam for civiliserte folk; noko so vilt og urettferdig hev naturfolki aldri funne paa.
 
 
Og eg for min part trur, at det arbeide som er gjort med skattereformi i Haugesund paa lengdi vil bli til mykje større gagn og lukke for byen enn alle lett tente millionar. Det beste ved milli­onane er at dei kann hjelpe fram sovorne tiltak som gjev folke rett til jord og luft, til sol og skik­kelegt husrom. I dei moderne storbyane stel kapi­talen alle naturlege herlegdomar fraa dei kapital­lause; det er: kapitalen stel »Guds gaavor«, som visseleg er etla alle. Hovudtanken i den nye skattemaaten er: etterkvart aa faa dette retta, soleis at ingen skal ha skade, men alle gagn av den veksande rikdomen. Utviklingslina er klaart og genialt ut­tenkt; og um me fylgjer den, vil me naa lenger enn med blodige revolutionar, som alltid saar nye frø til strid og ulukke.
Haugesund i april 1918.
Hulda Garborg.
 
 
 

Frå For Bygd og By. Nr. 9. Sundag 5. Mai 1918. 7. aarg. Side 129-131. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad