Norske måltilstand 1814-1914

(Artikkel, 1914)

Av Marius Hægstad

I det 16. hundradåret slutta nordmennerne med å bruka sitt eige bokmål. Dei fylgde det danske språkmynster, som låg fyre i all skrift frå det danske riksstyret og i dei danske bøker, som frå Danmark vart uppsende i reformasjonstidi til Norig. Me fekk ikkje prenteverk fyrr enn i 1644 (i Oslo). Men medan skriftmålet var dansk, var talemålet −utanfor dei høgre, mest danske krinsar i by og bygd −framleides norsk, og det vart dermed i Norig eit nasjonalt mishøve millom tale og skrift. Det er dette som er den djupe historiske grunnen til målstriden i vår tid.
 

     Det er likt til at nordmennerne gjenom heile dansketidi hev funne seg i dette unaturlege måltilstandet med same tolmod som i alt anna. Dei visste at bokmålet var dansk og at talemålet var norsk; men den tanken å byggja upp eit sjølvstendigt norsk bokmål på talemålet fall ingen nordmann inn i den politiske og nasjonale husmannstid. Laurents Hallager, som i 1802 gav ut Norsk Ordsamling, hev elles leika inn på tanken, når han i fortalen skriv um det norske bondemål: "Det adskiller sig fra de tvende andre nordiske Sprog, ei allene ved et rigt Forraad af egne Ord, en egen Udtale og egne Vendinger, men endog ved en egen Forbindelse av Ordene eller Syntax; saa at man kan sige, det ikkun har manglet Dyrkning ved Skrivter, for at blive et selvstændigt Sprog ligesaa vel som hine". Men når han so skriv um nytten av ordsamlingi, kjem "husmannssyni" klårt fram, for då er der ikkje tale um at boki skal hjelpa til å få upp eit norsk "selvstændigt Sprog", men ho skal vera til nytte for detdanske spraak. "Det danske Sprog", skriv han, "skulde upaatvivleligen vinde betydeligt i Forraad, Tydelighed og ægte Danskhed, naar Skribenterne vilde optage beqvemme norske Ord istedenfor mindre beqvemme danske, eller hvor disse savnedes". Hallager er den fyrste greide talsmann for å "fornorske" det danske mål, og han kann segjast å ha sett uppfornorskningsmerket, det høgste nationale mål nordmennerne kunde setja seg i dansketidi. Fornorskningstanken er soleis fødd og boren i den danske sambandstidi og skulde hava til formål å gjeradansken rikare ved hjelp av norske ord.
 

     Den fyrste som hev uttala, at Norig kunde koma til å reisa upp att sitt eige mål, er den danske geniale professor O. Chr. Olufsen i si forvitnelege skildring av den "dansk-norsk-holstenske Stat" i 1811. Han segjer at det er utan tvil visst at Norig hev sitt eige mål, som skil seg likso mykje frå dansk, som det svenske gjer. Men ved "den danske Opdragelse" ved Kjøbenhavn universitet, og ved det at "selv Almuens Skole-Bøger og Religions-Bøger ere paa Dansk, og endelig al Collegial-Correspondents og hele Lovgivningen bruger dette Sprog" hev halde norsken att. Men vert det noko umskifte i dette, synest det å kunne føra til "de danske og norske Tungemaals Adskillelse" −−−"Muligheden, ja Sandsynligheden af, at sligt kan skee, er ikke utydelig". Straks etter 1814 skriv den norske diktaren Hans Hanson (han som skreiv songen "Sveinung aa Astri") i eit brev til ein ven, som han sende eit heller langt dikt på telemål:
 
 
Det er den første Sang som endnu lød
I samme Sprog som Skjaldespiller qvæded −−−
Men naar af Islands Sagaer drages frem
De høie sjeldne Skatte disse gjemme,
Og naar et kraftfuldt Sprog fra Dølens Hjem
Udlændingen forundret skal fornemme,
Da er mit Fjeldmandsqvad forglemt.
Men lad det nu som et Forvarsel tone,
Og deri vorde mangen Harpe stemt,
Hvis Skjald fortjener bedre Laurbærkrone.
 
 
    Han er den fyrste nordmannen me møter etter 1814, som hev havt eit hugbod um ei framtid for det nye norske mål. Elles er det stilt um målet ei god tid etter sambandet med Danmark vart uppløyst. Fleire og fleire nordmenn tok til å kalla dansk for norsk liksom det var gjort i den brigda grunnlovi frå 4. nov., ein lettvint måte å få seg eit nasjonalt mål på. Soleis segjer C. M. Falsen i sin Geogr. Beskriv. over Kongeriget Norge, at "Hovedsproget" er "Norsk, der iblandt den mere cultiverede Classetalesogskrivessom Dansk"; men kva eit mål, som både "tales og skrives som Dansk" skil seg frå dansk i, er ikkje greidt å skyna, dersom det ikkje berre er i namnet. Og soleis var det; dei nøgde seg med eit namnebyte, men i gagnet vart målet like dansk som det hadde vore. Wergeland såg i åndi eit norsk mål, "før aarhundredet nedrødmer", men elles var spursmålet visst noko uklårt for honom. Han synest helst ha trutt på "fornorskingsvegen", tok upp ikkje so få norske ord og skreiv til deils bygdemål; men annan veg var no ogso vand å finna, solenge samanhengen millom dialekterne og gamalnorsken ikkje var upplyst. Jonas Anton Hjelm med si gode målkjensla, og P. A. Munch med sin kjennskap til gamalnorsk såg klårare enn Wergeland. Dei skyna båe, at det er ikkje berre glosorne som gjer målet, men at eit sjølvstendigt mål må hava ein sjølvstendig organisme.
 

     Ein mannsalder etter 1814 tok det til å spreida seg kjennskap til gamalnorsk og dei nedervde folkeminni, eventyr og visor. Samstundes dreiv Ivar Aasen på med granskingi av folkemålet i alle bygder. Dette arbeidet tok mange år. So la han fram Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850), som kasta klårt ljos yver måltilstandet i landet. Han kom til det hovudresultat at skilnaden millom dei norske målføri ligg mest i uttalen og ymse minder vigtuge ting, medan dei i det heile hev fylgt same voksterveg, so det let seg vel gjera å setja upp ei mynsterform for eit sjølvstendigt norsk skriftmål, som vilde høva for alle bygdarmål. I 1853 kom han, i Prøver af Landsmaalet i Norge, med eit framlegg til ei slik ålmenn norsk skriftform (landsmålet). Det arbeidet kunde ikkje vera i betre hender. Ivar Aasen var bondefødd, og større kjennskap til norsk folkemål enn han hadde hev ingen nokosinne havt; dertil kom ein makelaus sans for samklang og vænleik, som ogso hev sett merke i formi.
 

     Med Aasens landsmål var det skapt ei ålmenn skriftform for dei norske dialekter. Eit nytt merke var reist, ei ny stor uppgåva var sett for det norske folk: uppattreisingi av eit sjølvstendigt norsk bokmål. Det var ikkje rart um folk i fyrstningi vart undersame og forstøkte; dei heldt eit slikt tiltak for umogelegt å gjenomføra. Ei tid stod Ivar Aasen ogso åleine å kalla. Då kom teledølen diktaren Aasmund Olavsson Vinje og slo lag med honom, og skreiv sitt eige mål med Aasens skriftform. Det gjekk godt, og snart kom fleire. So bar det til med endå meir målstrid enn fyrr i blad og bok og ikkje minst på dei store lærarmøti i 60 og 70-åri. Der var tri flokkar: ein flokk som heldt pådansken i det heile som han var, berre med namnet norsk (dansk-flokken); ein flokk med yverlærar K. Knudsen til førar som heldt påfornorsking av dansken liksom Hallager i dansketidi (norsk-dansk-flokken); og ein flokk som vilde hava eit heilt ut sjølvstendigt norsk mål (norsk-flokken, landsmåls-flokken). Etter kvart slag voks fylkingen um Aasens merke; folk forstod snart at det ikkje galdt um å "innføra eit nytt språk" som motstandarane kalla det, men berre um den naturlege tingen å taka i bruk landsens eige mål i ei høveleg skriftform.
 

     I 1885 hadde målreisningstanken vunne so langt fram at Stortinget med 78 røyster mot 31 vedtok at folkemålet som skule- og officielt mål skulde jamstellast med det vanlege bokmål; regjeringi godkjende vedtaket. Det var den fyrste store siger for det norske mål på det politiske umkverve, og den drog mykje etter seg. Sidan den tid hev landsmålet gjenge jamt fram, endå motstandet, som mest hev kome frå det politiske høgre, til deils hev vore både hardt og kvast. I 1892 vart det fastsett i skulelogi, at skulestyret kunde gjera landsmålet til hovudmål i skulen, og umkring 1400 krinsar −mest vestanfjells, nordanfjells og i dei sudlege fjellbygder hev no alt gjort det. I dei fleste ungdomsskular er landsmålet hovudmål. I 1901 vart rettskrivingi fastsett for det officielle landsmål. På lærarskularne er der frå 1901 fastsett skriftleg prøva i landsmål for alle elevar. I 1907 vart det same fastsett ved artium; denne siste logi at ingen lenger kunde verta norsk student, utan han kann skriva norsk, vakte ei stund ein øgjeleg storm i dei høgre samfundslag; men stormen synest ha lagt seg etter dei såg at det var vonlaust å få det umgjort. I 1899 vart det skipa professorembætte i landsmål og dialekter ved universitetet. I 1908 vart båe mål jamstelte ved embættseksamen. 3 professorar (i målsoga, i jus og i historia) held no fyrelesningarne sine på landsmål, sameleis 1 docent. Ogso i kyrkjorne er der ofte norske preikor å høyra, og i sume bygder er all gudstenesta på norsk. Av forfattarar på landsmål er der ei lang rekkja; millom deim den, som dei fleste held for å vera den største i Norig no, Arne Garborg. Bokriket veks med alltid aukande fart, og er alt stort; minst er der enno av umsetjingar og fagskrifter. Skulebøker er der godt utval av. Av blad på fullnorsk er der berre umkring 25; men mesta alle vinstreblad i landet tek upp stykke på landsmål. Frå 1913 kom det i gang eit norsk teater i Kristiania. I forretningslivet i byarne er norsken enno lite brukt. Likevel er der ymse hotell og endå eit livstrygdelag (Andvake) som nyttar norsk i all si forretningførsla.
     I det politiske liv veks talet på menn som brukar norsk både i skrift og tale. Ein kann no høyra landsmål både frå præsidentstolen i Stortinget og frå statsrådssæti.
 

     Eit av dei siste gode tidemerki er at fornorskningsmennerne i dei seinare åri hev arbeidt seg meir og meir yver på norsk grunn.
     Med umsyn på bokmålet er der soleis frå 1814 til 1914 gjort so store framstig og umskifte i norsk leid, at ingen kunde ha drøymt um det i 1814. Gjeng det slik i hundrad år til, vil der knapt vera nokon målstrid −av det slaget som no −i 2014.


Red.merk.: Med unntak av sitat er dobbel a endra til å i denne versjonen.

Frå Jubilæumsboken. Fra 14 til 14. Redigert av Einar Hilsen. Kristiania 1914. Side 230−236. Elektronisk utgåve 2001 ved Gudmund Harildstad og Jon Grepstad