Farvel Rune

(Barn, 1997, utdrag)


Fire dagar seinare sit Sara, mamma og pappa i stova.
Sara har skjørt og fineblusen på seg.
Mamma har forklart at Rune er død. Han drukna i dammen.
Kan hende han prøvde å nå tak i båten sin, og så glei han, og klarte ikkje kome seg opp att.
No er han død.
Han kan ikkje snakke meir. Ikkje sjå eller høyre.
Han kan ikkje gå eller springe eller leike meir.
Ikkje smile til Sara. Ikkje klemme ho fleire gongar.
Sara skal aldri få sjå Rune meir.
Fordi han er død.

Dei har vaska og stelt han, og no ligg han i kvite klede nedi i kista si.
Kista er ei kvit trekasse med lokk på, akkurat lang nok til at Rune får plass til å ligge i ho.
Sara skal få vere med på gravferda hans.
Det er derfor ho har pynta seg.
Gravferda er ei lita ferd, ei kort reise til grava
på kyrkjegarden der Rune skal gravast ned i jorda.

- Er det heilt sikkert at eg aldri, aldri får sjå ha meir?
- Ja, det er sikkert, svarer mamma.
Men på ein måte er ikkje Rune borte likevel, for
viss vi tenkjer på han, kan vi liksom sjå han inni oss.
Og då kan vi snakke til han også. Kjenner du det?
Jo, Sara kan godt kjenne at ho ser Rune inni hovudet sitt.
Særleg når ho knip att augene. Ho ser at han smiler,
og han er akkurat slik som før.
- Kor bra! seier Sara glad til mamma.

__________________________________________________________________________

Frå Marit Kaldhol: Farvel Rune. Samlaget 1997. Side 9.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________________