Maria

(Roman, 1985, utdrag)


11

då mamma var lita.
ja, mamma har vore veldig lita ein gong.
som eit frø.
(og no er ho stor som eit...?)
så blei ho mamma også fire år.
gul silkekjole med puffermar på julekvelden.
gullhjartet i lenke rundt halsen nådde heilt ned
til navelen. fått det av onkel Morten.
gøymte ein julemann-nisse bak julegleden
i glaskarmen. til julenissen når han kom
og trampa på golvet, sat i ein god stol
ei lita stund. så fole låk i ryggen, han.
Sula-nissen. frå Sulafjellet.
onkel Morten var alltid på Grand og kjøpte seg
røyk når julenissen var der.
etterpå kom han att: onkel Morten! veit du,
julenissen har vore her!
bytantene vaska koppar i meir enn to timar.
slutt på varmvatnet etter den første.
damp på rutene.
vi var så mange. små julenek
og norske flagg på bordet.
onkel Lars las om Jesus, så ribbe og
tyttebærsyltetøy. surkål var godt.
smulttring på fingeren.
"jeg er så gla-ad kvar julekeveld,"
song vi. og: "høyt i toppen den blanke stjerne."
mamma var eit lite frø.
så kom ho ut og blei ein knopp.
så ein blomst.
så ei frukt. så kom du.
no er ho mamma stor, ho.
stor som - eit tre ? ja.
ja, mamma kan godt vere eit tre.
vil du klatre? 

_________________________________________________________________________ 

Frå Marit Kaldhol:Maria. Samlaget 1985. Side 30-31.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
__________________________________________________________________________