Søkeord: Ayotzintli

(Roman, 2010, utdrag)

25.04. kl.21.30

ei død skogmus på stien i skogen bak huset, ho hadde bikka seg over på rygg, buken med den lyse pelsen opp. verja seg ikkje mot noko lenger, heilt ncer såg eg tennene, vérhåra, klørne som likna tynne fingrar, ho heldt dei opptil seg, bøygde, låg slik beibiar ligg med hendene når dei søv, nesten opptil ansiktet, på ein måte menneskeleg, inga synleg dødsårsak

27.04. kl. 04.40

mamma og Idar reiste til Chile i går. ho har ønskt å kome dit heilt sidan ho var ung. vil sjå Moncloa, presidentpalasset der Salvador Allende skaut seg for at ikkje kuppmakarane skulle få ta han. han ville unngå skamma ved å bli nedverdiga. 11. september 1973 - det er dén datoen som er nine-eleven for mamma.

stilt i huset, dei svake lydane er tydelegare, eit piggsvin taslar i graset under vindauget mitt. eg vil gå ut med kjeks til det, slik eg brukte då var liten. møte mellom to nattdyr.
hei , Piggen!

 

27.04. kl. 23.40

eg gjorde det slutt med Siri i dag. plutseleg var hendene hennar på meg heile tida, som edderkoppføter. kjente eg fekk lyst til å daske dei vekk. eg orka ikkje meir.
Siri er fin, søt, snill, klok. men likevel, plutseleg
var alt feil, eg bare kjente det.
ho sa ingenting, sto litt, granska ansiktet mitt.
overraska, trur eg. så klemte ho meg, kyssa meg
fort på halsen, og sprang.
kanskje eg blei overraska sjølv og. men no er det
gjort, det er slutt.
eg kjenner eit merke etter munnen hennar

 

28.04. kl. 05.15

nokre skjelpadder sym to-tre tusen km langs kysten av Sør- og Mellom-Amerika. nokre fer til øyer ute i dei store verdshava, likevel finn dei tilbake til stranda der dei sjølve blei fødte. korleis klarer dei det? kva navigerer dei etter? hoa leitar til ho finn ein stad ho er fornøgd med. der grev ho ei grop ho legg egga sine i. den grøne havskjelpadda har gjennomsnittleg 114 egg ved kvar egglegging, gravinga er krevjande arbeid i tung sand, kan ta over ein time. når egga er lagte, dekker ho over dei igjen, straks etter forlet ho reiret, går ut i vatnet og sym vekk. avkoma må klare seg som best dei kan.

Ayotzintli er ein organisasjon som jobbar for å redde dei utryddingstruga havskjelpaddene. biologar og miljøvernarar legg ut foto og informasjon på nettet. ’ayotl’ er aztekarspråk, nahuatl, for skjelpadde. ayotzintli = vesle skjelpadde

 

20.04. kl. 23.50



teikninga av piggsvinet i arbeidspermen frå barneskolen har grove blyantstrekar.
på neste side har eg skrive:

FAKTA OM PIGGSVINET
EG VEIT:

- at piggsvinet er mest glad i å leve om natta
- at det liker mjølk, men må ikkje få det, for då får det renneskita og kan dø
- at piggsvinet kan drepe hoggorm
- at det kan gå fleire kilometer for å finne mat
- at det søv i hi. gøymer seg i dungar med lauv og rusk frå oktober til april
- at piggsvinet høyrer til piggsvinfamilien og har levd i Norge i ca. 8000 år
- at det er utryddingstruga pga. for mange bil¬vegar og at folk ryddar for mykje i hagen
- at piggsvinet et: sniglar, makk, biller, frosk og bokstavkjeks
- at når piggsvinet er redd, krøllar det seg saman til ein piggball

 

30.04. kl. 01.10

 

sms frå Siri: kvifor?

umuleg å svare på. idiotiske bagatellar som irriterte meg.
irrasjonelle reaksjonar, eg orkar ikkje forstå
dei sjølv heller,
her er lista ho ikkje skal få:

1 - polstringa i den marineblå bh-en
2 - fingringa i håret mitt, ho tvinna og gnura,
     stoppa aldri
3 - at ho skunda seg på badet når vi hadde hatt
     samleie; som om eg skitna henne til
4 - ho smilte alltid, i absolutt alle situasjonar - eg
     heldt på å tørne av det
5 - manien med å låne kleda mine, vise seg fram i
     dei som ein demonstrasjon - av kva?
6 - tusen sms-ar når vi ikkje var saman
7 - den rosa t-skjorta med glitterhjarte
8 - at ho minte meg på å vaske hendene før vi åt
9 - den frenetiske brettinga hennar av plastnett

 _______________________________________________________________________

Frå Marit Kaldhol:Søkeord Ayotzintli. Samlaget 2010. Side 48-53.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.

_________________________________________________________________________