Alle desse orda

alt speglar seg

himmelen og fjorden
himmelen og fjella

det blåaste blå
mot det blåaste blå

og mellom der
det grønaste grøne
det som så lenge har
lege inne i røtene og
i knoppen, i greina
og i molda, venta
på å få kome opp
og ut og fram

oppe under
det øvste blå

mellom snøen
og steinen ligg dei

svart på kvitt
og kvitt på svart

og nede i bygda
ligg dei

nede i mørke molda
mellom grus og strå
til og med nede i sjøen

into the sea

ins meer

ins miti miti

-- der ligg dei

men mest av alt
ligg dei i oss og
mellom oss

ventar på å bli
tekne i bruk

få kome opp
og ut og fram

heilt frå starten
ligg dei der

i kvart nyfødd
undrande blikk

i kvar celle og
kvar pore ligg dei

alle orda

ord frå besteforeldre
frå oldeforeldre og
tippoldeforeldre

ord frå tiåra, hundreåra
og tusenåra før oss

ord frå viddene
og steppene og
savannane

ord som stål og stein
som røter og regn
myrull og mose

ord som ein gong
blei samla og sanka og
borne heim, varsamt, som
var dei eit barn på armen

men også
alle dei nye orda

ord som gløder
ord som glør
og blør

ord som
viftar og vaiar
og seier: her er eg!
sjå på meg!

ord i rørsle
ord på flukt

ord hit og dit
og opp og ned

ord i oppbrot og
samanbrot og nybrot

alle desse orda og all denne tida

dagane, vekene, månadane og åra
alt dette som hektar seg i kvarandre
nesten utan at me merkar det

ord, ord, ord

ord som luggar
som klorar og bit
men også stryk og
klappar og klemmer

ord som aldri stansar
snart her – snart der

ord som aldri kan fangast
– men gjerne vernast

med all kjærleik og alt slit
kvar rubbel og kvar bit

ord frå far – og ord frå mor

ord som strekkjer seg som
små grøne fingrar, opp gjennom
mørke molda – til dei når lyset
vert den finaste blåaste blom
– blume – tiare

slike ord
slike dagar
slike liv

ord til å leva i
ord til å spela i
ord til å anda i