Mellom oss

(Roman, 2011, utdrag)

Kapittel 9
Bakkatun, 22. mai 1949
Magne 

 

Alt er blitt slik han ville ha det. Heile veka har han sprunge fram og tilbake, ordna i eldhuset. Han har laga alt klart til oppskoka, til at folk skal kome og smake på det nye ølet.  Det er berre eit halvt år sidan han overtok etter faren, og første gong han har bryggja eige øl. I fleire veker har han sprunge til bekken med ølfat og anna utstyr til trutning, fram og tilbake over tunet med blenkjande kjelar, medan den blågrå røyken velta ut frå pipa på eldhuset. Alt lukta røyk, humle og malt.
Det hadde vore stas å gå rundt og be inn grannane. Vêret var på det varmaste, og alle dreiv med onna, slo og raka og hesja. Når han kom, lente dei seg opp mot ljåen og tørka sveitte av panna med skjorteermet. Nei og nei, oppskoke på Bakkatun, det er jammen ei stund sidan, ha, nei, det blir stas, ja.
Han har meir å vera glad for også. Han har allereie utvida frå femten til tjue mjølkekyr og går med planar om å byggje ny løe. Traktor vil han også ha, når det berre blir råd å få tak i. Og inne i vogga han har laga, ligg den vesle jenta, tre månader gammal no. Om to veker skal ho døypast. Han har ikkje fått gjennom at ho skal kallast Signe etter mor hans. Ranveig skal ho heite, det har dei klart å bli samde om. Ho er fin og blid, Gudrun går rundt og skin, og neste gong er det sikkert odelsguten som kjem.
No benkar dei seg inne i det tronge, nedsota rommet. Folk set seg på skakke stolar, mjølkekrakkar frå floren og eplekassar snudde opp ned. Han byrjar fylle det skummande ølet over på dunkar og kagger, sender rundt kjenger og ausar for prøvesmaking. Det blir smatta og smakt og skrytt, slett ikkje verst, dette. Han kjenner fryden i små bølgjer gjennom kroppen. Og ute surrar humlene i fruktblomen og månen speglar seg i den nattsvarte fjorden og på fjelltoppane ligg det enno kvit snø. Aldri er det vakrare i bygda enn på denne tida, det er noko alle veit, sjølv om dei ikkje snakkar om slikt.
Ølet verkar slik som han har håpa. Det tinar opp folk. Menn som ikkje har snakka i lag på årevis, slår seg på kneet og pratar som om dei aldri har gjort anna. Dei sladrar om kven nede i bygda som har tjuvjakta, og kven som har prøvd å lure kven når det gjeld beiteretten oppe i Gjelet, og om stølsfeiden på andre sida av vatnet, som visst har blitt så betent at Ola Træen og Endre Tveito ikkje er på talefot lenger.
Han har sett dette før. Dei flirer så lenge det gjeld andre enn dei sjølve. Det er verre når ølet for alvor byrjar å stige oppover i kroppen på dei og dei kjem innpå eitt eller anna som ikkje gjeld dei på den andre sida av vatnet eller dei nede i bygda, men deira eigen støl, deira tømmerstokkar og deira jaktløyve.
For det er alltid noko, sjølv mellom dei beste naboar er det noko. Det er nøydd å bli slik. Det er innprenta i han frå fedrar og bestefedrar og oldefedrar og tippoldefedrar, at han er her på jorda for å verne om det som er deira, som har vore deira, som skal gå i arv til barn og barnebarn og oldebarn og vidare, hundreår etter hundreår. Den dagen du frivillig gir frå deg det som er ditt, byrjar å gi ved dørene, lèt naboen få viljen sin med beiteretten eller gjerdet eller hjorten eller stølshuset, då er du ikkje rare bonden. Slik er det berre.
På venstre sida hans sit Osvald Oppebøen. Han kjem frå ein gard på vestsida av Bakkatun og er jamgammal med han sjølv. Osvald er av det litt forfina slaget. Det har gått nokre rykte, somme har hevda at Osvald er meir glad i gutar enn jenter. Men det er sikkert berre skitsnakk, folk seier så mykje, og no er jo Osvald blitt gift med Birgit.
Det er lenge sidan dei har sett kvarandre. Osvald har blitt fiskebåtreiar og har budd i Amerika etter krigen, men han var på Oppebøen då Magne var der for å be inn. Og ja, han ville sjølvsagt meir enn gjerne kome. No sit han der og har tenkt å slå seg ned i heimbygda att, seier han. Problemet er berre at eldstebror hans er så småleg at han ikkje vil avsjå noka tomt. Men Osvald har tenkt på ein ting, og det er at Magne vel eigentleg ikkje har bruk for heile det svære beitet sitt ... Og har han ikkje meir utmark enn han eigentleg har bruk for, det stykket som ligg nesten oppå snaufjellet, til dømes, det treng han vel ikkje.
Han ler så hjerteleg han kan, seier at det kan Osvald berre gløyme, han driv ikkje og gir ut garden stykkevis og delt. 
Men Osvald tek oppatt leksa si. Om ikkje Magne var i slikt godt humør, ville han blitt irritert, men no må han berre flire over Osvald som aldri gir seg på noko som helst. Etter ei stund mumlar han noko om at det må vel bli ei ordning på det. Før han har fått sagt orda heilt ut, har Osvald henta fram ein papirlapp frå baklomma. Det er like greitt å skrive det ned, så blir det ikkje tvil i ettertid, seier han. Sjølv prøver han slå frampå om at dei kan ta det ein annan dag, han har ikkje lyst å skrive under på noko som helst, men den andre gir seg ikkje.

 

- Du gjorde kva, sa du? seier Gudrun etter dei har lagt seg og han har fortalt om kvelden.
Ranveig har vakna og ligg mellom dei og fektar med dei små nevane sine.
- Pengane kan vel kome godt med?
- Å, Magne. Dette kjem du til å angre.
Han sukkar.
- Mannen treng ei tomt, og vi treng pengar. Er det så dumt, altså?
- Berre vent, seier ho, rullar seg inn i dyna og snur ryggen til. I det same byrjar det tromme mot taket, det må ha slått om.

_______________________________________________________________

Frå Ruth Lillegraven: Mellom oss. Tiden Norsk Forlag 2011. Side 66-69.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2016.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag
________________________________________________________________