Store stygge dikt

(Dikt, 2005, utdrag)

Til Sara

22. april 1997, nittenårsdagen din 
eg kjem inn på ringheims kafe
dei andre jentene er alt på plass
anna, kristin, sigrid og ingvill

har inga bursdagsgåve til deg
skulle hatt det, skjønar det no
tilbyr meg å spandere noko på deg
tilbyr deg alt det frityrluktande i glasdisken
men du takkar nei, ristar på hovudet
ikkje eingong ein kaffi vil du ha
først når nokon ber meg teie
skjønar eg og blir stille

du sit der med det nyklipte håret ditt
alle skryter, seier du er fin, seier det kler deg
du har same sminken og piercingen som før
same svarte hettejakka i hamp også
men den er blitt for stor til deg no
er ei stund sidan me byrja seie
at sara krympar for kvar dag no
ei stund sidan me byrja skjøne
at denne gongen er det
verken sport eller speed

til slutt tek du mot ein tyggis
alle røykjer, alle er nitten
eller blir nitten snart

eg ringjer til deg like etter
og du vil gjerne treffast, klart det
eg seier du må kome til oss i helga
bllir koseleg, blir som gamle dagar
kan lage vaflar også
men no dreg du på det
må hjelpe til med noko heime
men lovar ringje, finne ein dag
eg skjønar for seint at
eg nettopp har gjort det igjen

høyrer dei andre seie
at me burde gjere noko
at sara magrast heile tida
er som om ho døyr levande no 
men tenkjer at så ille
kan det då ikkje vere
og du ringjer ikkje
og eg tenkjer ringje, men
er så mykje styr heile tida
så mykje som kjem i vegen

blir 20. juli 1997, klokka er 17.15
telefonen ringjer, er til meg
er kristin som ringjer
fordi noko har skjedd

i gravfærda græt eg ikkje
presten pratar for mykje
snakkar om spiseforstyrrelsar og
høyrest ut som han trur han veit noko om det
medan eg tenkjer på siste møtet og siste samtalen og
likar ikkje sløyfeskrifter i gull lenger
gremmest slik, klarer ikkje gråte
gremmest over det også

er sjeldnare på kyrkjegarden no
klarer ikkje snakke med deg der
klarer ikkje seie god natt, sara
klarer ikkje seie sov godt, sara
i staden kjem du til meg
først berre om nettene
sidan også om dagane
men alltid på fjerdeklassestadiet:
du blæs store tyggisbobler og har
rottehale i nakken og glitter i fjeset
har grøn joggedress og dei skarpaste
kommentarane og den høgaste latteren
blir aldri svartkledd, mager og taus og
eg seier alltid berre
dei riktige tinga 

___________________________________________________________________

Frå Ruth Lillegraven: Store stygge dikt. Tiden 2005. Side 19-21.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2016.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________