Mosgutarne

(Dikt, 1874)

Av Hans Mo

Dei vaaro mange dei; for sekstan Mann
det var paa Garden, og eg veit misann,
at sume aatte Gutar sju i Talet
og endaa Gjentor til, naar det gjekk "galet".

Daa det var Føre so um Vetratid,
og alle skulde nøyta seg paa Skid,
det var med Gutar so det urd og krudde
og Rop og Slaasting radt kvar du deg snudde.

For slaast det kunde me paa Karavis
i Mark, i Skog og paa den haale Is.
Med Torv og Stein me mot kvarandre kridde
og mangein Gong til svarte Notti stridde.

Men derfor var me Vener lika godt
og saman heldo i vaar Naud med Trott;
slog andre Bygdargutar ein i Bakken
av "vaare" fekk dei "heile Mo" paa Nakken.

Daa vardt det Guteslag, som stod paa Maal,
endaa at Peikestikkor utav Staal
og Flagg og Fanor ingen av oss aatte,
paa Sjukehuset ingen helder maatte.

Um Sumar'n, daa det bar paa Gjæting ut,
det var ved Frukosttid med Nista Slut.
So var det radt til Kvelds i Skog at kava
og nøra seg med Beit og Bær og Sava.

Men sjaa, me vaardo endaa fødde fram,
og sjeldan saag du nokon "Matmorskam";
For jamen vardt det baade Lær og Leggjer,
endaa det var um Maten nett som Kleggjer.

Det vida av dei Gutar Gjetord gjekk
og paa ein Maate jamvel stod ein Skrekk;
men, - Skam for i det - jamt dei vaaro likad'
og særlega av Gjentom etterhikad.

Men no, ja, no er vel den Tidi slut
fyr kvar og ein av oss, som daa var Gut.
Paa ymse Leider Kjenningarne ferdast
i Livsens Strid og der i Leiken herdast.

Men endaa, naar du raakar paa din Veg
paa slik ein Granngut, du paa Lippa dreg
og kjenner, at ei Taara liksom lagar
seg til ved Minnet um dei Gutedagar.

Det er som Jøkulen, - han Aar fyr Aar
av Kulden herdast; men endaa kvar Vaar
so kann du sjaa, han eig den vesle Blomen,
som renner upp der inn med kalde Tromen.


Frå Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600-1975. Oslo: Det Norske Samlaget 1977. Prenta i Hans Mo: Diktsamling. Bergen: Beyer 1874. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad