Voggesong

(Song, 1869)

Av Hans Mo

No maa litle Barnet mitt
tunge Graaten stogga;
Engelen er komen hit,
held deg attmed Vogga.

Soli gøymest i si Seng,
ho vil ogso sova;
Maanen upp i Staden gjeng,
glytter inn i Stova.

Urædd ver, du litle Kind!
eg vel trutt skal vaka;
naar du vaknar uppatt, inn
til mitt Brjost deg taka.

Liten Kumar sit paa Kvist,
opnast vel, kjem Soli,
litle Barnet mannast visst,
slepp seg nog, kjem Joli.

Fuglen ligg i litle Rom,
flyg so ut i Verdi;
eingong Barnet, litle Fjom,
ogso tek paa ferdi.

 


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson. Bergen, Forlagt av Ed. B. Giertsen, 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad