Åse-Marie Nesse
Åse-Marie Nesse, lyrikar, gjendiktar og universitetslærar. Ho var ein kjend omsetjar og gjendiktar då ho debuterte som lyrikar i 1970. Nesse var ein lærd og engasjert formidlar av klassisk europeisk danning og litteratur frå andre kulturar.
![]() |
Åse-Marie Nesse (foto: Trine Mikkelsen) |
Klassisk poesi
Dikta i debutsamlinga Av hav er du komen (1970) er prega av referansar til verdslitteraturen – til Homer, meksikansk litteratur og fransk mellomalderlitteratur. I den neste samlinga, Til ord skal du bli (1973) gir ho litterære portrett av ei rekkje av dei store i europeisk litteratur, frå Sapfo og Homer til Kafka og Neruda, og av norske diktarar som Henrik Wergeland, Arne Garborg og Knut Hamsun. Særleg kjent er diktet «Camilla Collett».
Nesse skreiv dikt i både frie og bundne former, og ho nytta gjerne klassiske strofeformer som mønster, til dømes sonetten, balladen og folkevisa. I diktsamlinga Solstein (1976) går ho, i frie vers, tilbake til gamle mytar og livsformer i Mexico og dreg linene fram til dagens menneske. Ho leitar fram det menneskelege og tidlause i det eksotiske og framande.
Publikumskjær lyrikar
Åse-Marie Nesse blei for alvor ein publikumskjær lyrikar med diktsamlinga Vinterhuset (1981), som er dedisert «Til far og mor». Dikta handlar om heim og barndom på Jæren og først og fremst forholdet til foreldra i den siste livsfasen, då dei var på sjukeheimen. Poeten skriv innlevande og perspektivrikt om institusjonar for gamle og om det mentale livsrommet hos menneske som snart skal døy.
Stor publikumsappell hadde også dei siste diktsamlingane, For bare livet (1997) og Den tredje porten (2000), der Åse-Marie Nesse skildrar kampen mot eigen sjukdom. Ho døydde av kreft i 2001. Dette er tankevekkjande tekstar med ein optimistisk grunntone, der diktaren hentar styrke og kraft i mytologi, kunst og i sjølve skrivinga. Mellom cellegiftkurane gjendikta ho dessutan førti dikt av Goethe, utgitt i Mitt hjarta slo (1999).
Åse-Marie Nesse var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1999.