Brudgumen som miste Brudi si

(Forteljing, 1869)

[Av Hans Ross]

Det var eingong ein Brudgum, som miste Brudi si. Detta gjekk so til, at ho hadde gjenget ut aaleine; og er det den Ting, Brudi gjerer daa, med ho heve Kruna paa seg, so kjem ho burt; for Tussarne hava Vald yver deim, solenge dei hava Sylvet paa seg. Detta hende seg no med denne Brudi, og ho vardt burte. 
    Brudgumen syrgde so tungt. Han leitade etter henne vida ikring, men fann henne inkje. So hende det seg ein Dag, at han raakade paa ei Kona, som spurde, kvat det var, han syrgde so fyre, med di han saag so sorgfull ut. Han fortalde daa, at det var fyre di han hadde mist Brudi si, og han visste inkje, kvar han skulde finna henne atter. Ho spurde, korso det var tilgjenget; og daa sagde han, at Brudi hadde gjenget ut aaleine, med Sylvet paa; ho tenkte inkje, det skulde hava nokon Faare. - "Ja gjekk ho ut med Sylvet paa, hava Tussarne teket henne." 
    Brudgumen spurde daa, um ho inkje kunde segja honom, kvar han skulde ganga aa finna henne; men det visste ho inkje. Men so tykte ho det var Synd i honom og so sagde ho: "Her skal eg giva deg eit Par Støvlar, som stigar tretti Miler; men det verste kann vera, at daa kann fulla ingen fylgja deg, so eg tvilar, det er best, du tek berre den eine. So tenkjer eg, du kann ganga ut i Havet. Der finn du tri Tuvor og ei Kjering paa kvar av deim. Spyr deim! kann henda dei kunde vita nokot um Brudi di." 
    Brudgumen takkade Kona fyre Godgjerdi og lagde avstad. So kom han ut i Havet til ei Tuva, og der stod ei Trollkjering og hogde Ved med Tonnom. Han spurde, um ho hadde seet nokot Brudi hans; men nei! ho visste visst inkje um nokor Brud; han fekk ganga burt paa den andre Tuva og spyrja den Kona, som var der. Aa ja, Brudgumen gjekk. Her raakade han paa ei Kjering som stod og vreid sunde store Bjørkeskider med Hondom. Han spurde henne um detta same, men nei! Han fekk ganga til den tridje Tuva. Her stod ei Kjering og staukade i Grauten med Nosi. Han spurde henne liksom dei andre etter Brudi si, men nei! ho visste ikkje nokot um henne, ho helder: "Men," sagde ho, "du kann fylgja Soli i Morgon, og er det den Ting, at du inkje finn henne, so kann du koma atter." 
    Brudgumen stod tidlege upp og fylgde myket væl med Soli, alt til ho gjekk i Havet, men ingi Brud so fann han. Han foor daa tilbaka atter til Trollkjeringi og sagde, korso det hadde gjenget. Ho sagde, han fekk stiga upp i Maanen og sjaa um ho var der. Han upp i Maanen; men der vilde dei ikkje hava honom, men toko og sløngde honom ned atter, den synduge Lem! for dei deruppe, dei ero nog inkje synduge, dei, maa vita. Han fann fulla ingi Brud, og han til Kona atter og fortalde som tilgjenget var. 
    "Ja," sagde ho, "so veit eg inkje onnor Raad, en du fær fylgja med Nordvesten i Morgon; han skal av og turka Brudarklæde." 
    Jau Brudgumen lagde i Veg, so Nordvesten var inkje Kar til fylgja honom; men daa vardt Nordvesten sinnad, og tok slikt paa, at sjau Kjeringar vaaro ikkje god til halda eit Kalvskinn fyre eit Navarshol - daa vann han fram til Gards mest samstundes med Brudgumen. Der var Brudlaup i den Garden, maa tru. So raakade Brudgumen paa ein Mann, som skulde til Kjellaren etter Øl, og so bad han honom, um han kunde faa vera med. "Ja eg veit ikkje det," sagde Mannen; men daa Brudgumen bad so vent um det og lovade inkje aa knetta i seg, so fekk han daa endelege fylgja. "Ja no maa du sitja still," sagde Mannen, "fær nokon vita, at du er her, verd du ulukkeleg." Brudgumen sat so still som ei Mus, - det knatt inkje i honom. Daa Mannen hadde tappad Øl, - der var no baade Øl og Vin i Mengd, og so raudt som Blod, men det er no jamt Drikkat deira, - so spurde Brudgumen honom, um Brudi drakk utav same Bikaren som dei andre. "Nei ho heve ein liten Gullbikar fyre seg sjølv." "Aa lat meg smaka hennar Drikka!" "Aa ja, det kann du no gjerna." Daa tok Brudgumen ein Gullring, han hadde fenget utav Brudi, - dei brukade aa giva kvart annat Ringar i dei Tiderna -, braut honom i tri Stykke og kastade det eine upp i Bikaren. Ho undradest daa ho fann detta, men tagde seg og gøymde det. Detta same hende seg tri Vender, for kvar Gong Kjellarsveinen kom etter Øl, so bad Brudgumen um aa faa smaka paa Brudi sitt Drikka og lagde daa eit Stykke av Ringen i Bikaren. 
    Daa Brudi hadde no fenget alle tri, so sette ho dei ihop og kjendest daa ved Ringen, ho hadde gjevet Brudgumen. Daa fekk ho som ein Tanke um, at han kunde ikkje vera lang undan. 
    So segjer ho til Kjellarsveinen: "Ja no heve eg seet meg ikring allestader, men i Kjellaren heve eg inkje voret enno; det skulde vera Moro aa sjaa, korso der ser ut." 
    "Nei eg trur ikkje, det er verdt fyre deg aa ganga der: det høver seg ikkje, og inkje er der nokot til sjaa helder;" han vilde so naudlege hava henne med, maa vita. 
    Men so rødde ho um, at ho hadde slik Hug til sjaa, ko myket der var atter av Ølet, og so fekk ho daa vera med. 
    Med same ho kom i Dyri, kjende Brudgumen henne, og han var ikkje sein aa taka henne inni Armen og fara av Garde med henne. 
    Tak henne atter der! Han hadde tretti Mils Støvlar paa, so alt det Tussarne baaro seg, naadde dei inkje atti dei,

 

 


Frå [Hans Ross:] Ein Soge-Bundel utgjeven av det norske Samlaget. Christiania 1869. Side 8-12. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad