Bukken og bekren, som bygde upp eit hus paa ripleheidi

(Forteljing, 1869)

Av Hans Ross

Bukken og bekren bygde upp eit hus paa ripleheidi.
So kom ikornet.
"Maa eg vera i Huset med?" sagde ikornet.
"Ja kva et du ?" sagde dei.
"Toll og konglar og kva eg finn", sagde ikornet.
"Ja, du maa vera i huset med".
So kom røysekatten. "Maa eg vera i huset med?" sagde røysekatten.
"Ja kva et du?"
"Myser og meinkjettur og kva eg finn", sagde den.
"Ja, du maa vera i huset med".
So kom tordivelen. "Maa eg vera i huset med?" sagde han.
"Ja kva et du?"
"Myk og myhankar og kva eg finn", sagde tordivelen.
"Ja, du maa vera i huset med".
So kom reven. "Maa eg vera i huset med?" sagde han.
"Ja-a kva et du?"
"Lam og kidungar og kva eg fær", sagde reven.
"Ja-a, du maa vera med".
So kom bjørnen. "Maa eg vera i huset med?" sagde bjørnen.
"Ja-a kva et du ?"
"Bukkar og bekrar og kva eg finn", sagde bjornen.
"Nei, du maa inkje vera i huset med".
Ja, med di han fekk no ikkje lov, so vilde han taka paa dei. So sette dei paa han heile denne krigsmagti, som dei hadde teket inn i huset sitt: Ikornet upp-etter veggen etter byrsa, tordivelen inn i augo hans med myk, røysekatten inni nosi til aa blaasa. So tok han ut og ut-yver Ramnedjuv og slo seg ihel: so fekk Sigrid Djuvi seg ein ny feld.


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad