So løna dei God-Gjerningar

(Forteljing, 1869)

[Av Hans Ross]

Det var ein Gong ein gamall Mann, som gjekk og staukade med ein kvit Stav. So kom han aat ei Maurtuva, og i henne laag det ein Orm og bar seg so illa yver di at Maurarne vilde drepa honom. "Aa kjære Mann!" sa' han, "fria meg or denne Naudi: rett til meg Staven din og kasta meg utor Tuva!" 
    Aa ja, Mannen so gjorde. Straks slengde Ormen seg uppetter Staven og ikring um Halsen paa Mannen og sagde: "Ja no vil eg stinga deg i Hel." "Ja so," sa' Mannen, "no frelste eg ditt Liv, og du vil drepa meg fyre Umaken." "Ja," sa' Ormen "heve du 'kje høyrt det, at alla gode Gjerningar skulo illa lønast." "Nei," sa' Mannen, "det kann inkje vera so. Me faa ganga eit Stykke, - faa me høyra um alle segja so." 
    Aa ja, no gingo dei frametter Vegen; dei komo daa til ei gomoll Merr. "Høyr du gamle Mor," sa' Mannen, "er det sant, at alle gode Gjerningar skulo illa lønast? So segjer denne Ormen. Eg frelste Livet hans: han laag i ei Maurtuva, so tok eg honom paa kvite Staven min og vilde kasta honom utor Tuva; dermed so slengjer han seg kringum Halsen min og segjer, at han vil drepa meg fyre Umaken." 
    "Ja," sagde Merri, "eg fær nog vita, at det gamle Ordtøket er sant, eg. Fyrr heve eg havt mange fine Fyl og dreget mangt eit tungt Lass og voret til stort Gagn; men no bjoda dei meg ei blaa Kula i Skallen fyre Umaken. 
    "Ja høyr no!" sagde Ormen; "- no sting eg deg i Hel." 
    "Nei," sagde Mannen "me faa ganga eit Stykke til: dei segja væl inkje alle so." 
    Aa ja, eit Stykke derifraa komo dei til ei gomoll Ku. "Høyr du gamle Mor!" sagde Mannen "er det sant, at alla gode Gjerningar skulo illa lønast? So segjer denne Ormen; eg frelste Livet hans: han laag i ei Maurtuva, og Maurarne hadde fulla drepet honom, men eg tok honom paa kvite Staven min; og no vil han drepa meg fyre Umaken." 
    "Ja," sagde Kui, "eg fær so finna, eg, at det Ordtøket er sant. Fyrr heve eg boret mange gilde Kalvar og mjølkat duglegt; men no verd eg bodi ein blaa Økshamar i Skallen fyre Umaken." 
    "Ja høyr no!" sagde Ormen; "- no drep eg deg." 
    "Nei," sagde Mannen, "me faa enno ganga eit Stykke; høyrer eg daa det same, so lyt det væl so vera." 
    So komo dei til ein Rev. "Den heve voret ein Domar i gomoll Tid; honom skulo me spyrja", sagde Mannen; so segjer han det til Reven: "Høyr du Rev! du er no so klok paa alle Ting, du; er det sant, at alla gode Gjerningar skulo illa lønast? So segjer denne Ormen, som eg ber kring Halsen; eg frelste Livet hans: han laag i ei Maurtuva og Maurarne hadde no snart drepe'n, men eg tok 'n paa Staven min aa kasta'n utor Tuva, og han kastade seg yver Halsen min og sagde, han vilde stinga meg i Hel fyre Umaken." 
    "Ja," sagde Reven, "no skal eg vera Domar imillom dykker, eg; men de maa lova meg det, baade tvo, at de vilja taka ved den Domen, som eg feller." Aa ja, det lovade dei. "No skal eg setja meg paa ein Stein, og du Mann skal setja deg paa ein Stein, og Ormen skal leggja seg paa ein Stein." Aa ja, det gjorde dei. "Ja no dømer eg, at du Mann skal taka kvite Staven din og slaa Ormen i Hel." Det gjorde Mannen strakst. 
    "Kvat skal du hava fyre Umaken din?" sagde Mannen daa. 
    "Kjem eg i Naud ei Gong, so skal du hjelpa meg atter," sagde Reven. 
    Nokre Dagar deretter stod Mannen og pløgde. Dermed kom det ein Rev springande. "Aa kjære Mann!" sagde han "pløg meg ned i Fori, so ingen ser meg; der kjem ein Skyttar og vil skjota meg i Hel." Aa ja, Mannen so gjorde, for han kjende att Reven, at det var den same som hadde hjelpt honom. 
    So kom Skyttaren. "Heve du 'kje seet ein Rev sprang her?" sagde han. 
    "Nei," sagde Mannen; men han peikade burt paa Fori. 
    "Han sprang do skile beint til deg," sagde han. 
     "Nei," sagde Mannen endaa; men han peikade paa Fori; men Skyttaren gaadde ikkje aat og foor sin Veg. 
    "No," sagde Mannen "frelste eg ditt Liv og." 
    Men Reven som hadde seet, at han peikade, svaarade det: "Ja du talade som ein Mann, men du peikade som ein Skjelm."

 


Frå [Hans Ross:] Ein Soge-Bundel utgjeven av det norske Samlaget. Christiania 1869. Side 1-4. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad