Gardvorden

(Forteljing, 1898)

Av Olav Sande

Paa ein gard ein stad i Sogn hadde ein mann det so makalaust godt med di, at der aldri minka, men voks baade i kornstaale og høybrote. Diso var han aldri i beit, korkje for korn elder høy. Alle tykte dette var eit stort vidunder, som det ogso var. Mannen maatte visst vera ein fæl trollkall.

Men han skyna det ikkje sjølv helder. Han vilde ein gong faa greie paa dette, og lagde seg ei nott uppe paa staurlemmen midt yver laaven og vilde gjæta. Jau, du skal høyra: Naar det leid so til midnott, kom der ein stor, gamal mann med kvitt, sidt haar og skjegg ruggande inn med ei fagna høybyrd og sette ned. "Uff! detta va tungt, da'!" sa han med det same han sette byrdi ifraa seg. "Aa, det var vel 'kje so tungt helder, meiner eg," sa mannen som paa staurlemmen laag.

Daa vart gamlingen harm og sinna, og sa:

"Aa, tenkjer du det, det var 'kje tungt, ja so skal eg bera so mange byrder ifraa som eg fyrr hev bore til, so kan du vel faa sjaa um det minkar. Og ille er vantakk for vel gjort."

Og minka gjorde det fulla og; for etter den tid vart mannen upp i rakande fant.

Det var gardvorden han hadde vanvyrdt og gjort harm. Det skulde han ikkje; for gardvorden er attergangaren av den som fyrst rudde garden; og den mannen er all vyrdnad verd.

 


Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. 2dre upplag. Bergen: Johs. Anderssen (Det Litleréske forlag), 1898. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad