Lomhunden

(Dikt, 1898)

Av Olav Sande

Tone: Ein hallingslaatt fraa Sogn

Lomhunden er no so liten ein kar
og sprett undan torv og av tuva,
gnavlar og gneg utav snær og snar
og syner si svarte luva.

Lomhunden reiser sin stutte spæl
og strekkjer dei fine føter;
han, han vil raada fraa fjord og til fjell
og meinkar alle han møter.

Lomhunden er no so glup aa gøy;
i veret so set han upp busti,
ynskjer at alle dei andre maa døy,
so han, han kann hava kvar dusti.

Lomhunden er no so ill og ør,
trur, han til allting kann duga;
stakkars styving, han vantar fjør,
so høgt han ikkje kann fljuga.

Piskar du honom, so vert han raa,
yppar seg paa sine labbar,
bolgnar og bit i stylk og i straa.
Men lomhunden ingen mann drabbar.

Lomhundar smaae seg saman slær
og ræser i store hopar;
er du so slysen, du kjem deim nær,
med gnellande maal dei ropar.

So etter alt sitt stræv og strit,
naar upp han hev rivet groren -
aa ja, so hev han so litet vit,
han renner paa opne fjorden.

Daa han gnaltrar til ingi von -
so lyt han paa slutten krokna.
Ingen saknar det stakkars tjon,
og ingen vil upp honom sokna[.]


Frå Syn og Segn 1898. Kristiania: Det Norske Samlage. Side 370-371. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad