Snorre

(Dikt,1914)

Av Per Sivle

Med takk i hjarta
og hatt i hand
i tanken eg stend ved di grav,
du hovding gjæv
fraa det harde land
langt ute der vest i hav.
Far naar det liver
eit Norig enn
fraa Stad til Sulitjelm-nut,
me takkar fremst
utav alle menn
han Snorre Sturlunga-gut.
 
Me hadde gløymt
baade mor og far,
oss sjølv so hadde me gløymt;
me hadde gløymt
at me ein gong var,
um ikkje du hadde gøymt.
Me rak ifraa oss
vaart ervegull
og miste det skatt for skatt;
du sanka det saman
i kista full,
og so du gav oss det att.
 
Daa Norig slepte
sitt eige ror
og tapte leidi so reint,
daa synte du
kvar me ein gong fór,
og den gong stemnde me beint.
Der Geysir frøste,
og Hekla skolv,
der vart det ditt heilage kall
aa løda bord
til det nye golv
i Norigs sjølveigne hall.
 
Naar her me byggjer
i hugheil tru
og tryggjer heim i vaart land,
daa er du med
ved vaart arbeid, du,
og stend med peikande hand.
Og naar du her liver
eit Norig enn
fraa Kjøl og vester til hav:
vaar takk, du største
av Islands menn,
og atter takk i di grav!

 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Ny utgåva. Fjorde bandet (landsmaalsutgåva). Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1914. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad