Aa Herre Krist, deg til oss vend

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: O Herre Krist, dig til oss vend

Aa Herre Krist, deg til oss vend,
Og Heilag-anden din oss send;
Kom styrk og hjelp oss miskunnsam,
Og før paa sannings veg oss fram.

Til lov og pris lat upp vaar munn,
Til andagt bu vaar hjartegrunn;
Gjev auka tru og rett forstand,
So deg me betre kjenna kann!

Alt til me syng med all Guds her:
Du heilag, heilag, heilag er!
Naar me di aasyn klaarleg maa
I ævlegt ljos og sæla sjaa.

Gud Fader, Son og Heilag-and'
I underfulle einings band!
Lov, takk og pris deg vera skal
Igjenom ævelengdi all.

Etter Vilhelm II.

 


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad