Aa Kristus, ærekongen prud

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Fra himlen høit jeg kommer her

Aa Kristus, ærekongen prud,
Du ævleg son av ævleg Gud!
Du skydde ikkje manndoms kaar,
Deg føda lét til frelsa vaar.
 
Du veldug yver dauden vann
Og opna oss ditt livsens land,
Tok ved din faders høgre rom,
Til du kjem atter og held dom.
 
So bed me deg med bønlegt ord:
Hjelp dine tenarar paa jord;
Ver deira kraft, ver deira trøyst
Som du so dyrt hev atterløyst.
 
Lat med dei heilage oss faa
Uti ditt ære-rike staa;
Aa frels ditt folk og fri det ut,
Velsign din arv og eignalut!
 
Kom styr vaart stìg og ber oss blidt
Heilt inn i himmeriket ditt;
Me trur paa deg med' dagar lid,
Me takkar deg i ævleg tid.
 
Ja statt for oss paa stendig vakt,
So ingi synd i oss fær magt,
Til med ditt frelste folk i lag
Me stend for deg den store dag.
 
Miskunna oss miskunneleg,
Som me hev sett vaar lit til deg;
Paa deg mi von eg heilt hev bygt,
Og skal i æva standa trygt.
 
Etter den gamle latinske: te Deum II.
 
 

FråMatias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye("53 Salmar" og " Ny Samling salmar" saman).
Kristiania: Forlag af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.