Antigone (utdrag)

(Omsetjing, 1927)

Av Matias Skard
 
[Omsetjing - utdrag]
 
I

Veldigt er mykje; men inkje skapt
er i velde med mannen likt.
Djerv han sigler det myrke hav
midt i stridaste vetterstorm,
og skjer seg veg gjenom båror
som vaskar vilt um stamn.
Og jamvel høgste guddom, Jordi,
piner han ut med dei grorsame runer som
plogen bak fjøruge onnehest år for år
ritar i den svarte moldi.

Lufti sin leikande fugleflokk,
villdyr-skaren i mark og skog,
og det yrjande havdjups her, -
alle veit han å fanga fint
med nèt og nøter og snaror, -
den ovleg kloke mann!
Til tenarar han gjer dei ville
dyr i på viddom, og tvingande åket han
legg på den lufsande manken åt hesten, og
på den risesterke bergstut.

II

Han lét tanken få mæle og namn
i det fjørlette, ut-anda ord.
Han grunnlagde samfunn og bygde vern mot
den rame frost, storm og snø,
so trygt han bur; rik på råd allstødt han er.
Ja, utveg veit han utor alt!
D'er berre eitt: dauden sjølv,
han kje maktar fly ifrå.
Men lækjedom han fann imot
fæle sotter.

På uppfinningsdug er han rik
langt yver all venting og von;
men gjer - snart det vonde og snart det gode.
Er landsens lov fullt i hevd, -
den rett som sjølv gudar gav, høgt stend vår stat.
Men landsens fiend er den mann
som skamdjervt bryt lov og rett.
Aldri vil eg sessa ved
min åre eller i mitt råd
slik ein brotsmann.
 

Frå Sofokles: Antigone. Umsett frå Gresk ved Matias Skard. Oslo: Det Norske Samlaget 1927.
Klassisk bokverk i norsk umsetjing av Studentmållaget. Nr. 6. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.