Deg, store Gud, me lovar glad

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Fra himlen høit jeg kommer her

Deg, store Gud, me lovar glad
Med jubelsong og takke-kvad;
Deg ærar alt paa jordi bid,
Som Faderen fraa ævleg tid.

Fraa engleher og himmelrom,
Fraa allheims magt og herredom
Og fraa ferafar stig i sky
Ditt namn i ævleg lovsong ny:

Du heilag, heilag, heilag er,
Gud Sebaot, vaar Herre kjær;
All himmelhøgd og verdi vid
Er full av guddomsæra di.

Profetar og apostlar glad
Med all di vigde vitnerad -
Dyrverdig her av heilagmenn', -
I lovsong for di trona stend.

Din kyrkjelyd so vidt um jord
Vedkjenner deg i heilag kor
Som F a d e r e n er nøgd av nøgd
Og guddomsmagt og himmelhøgd!

Og den einborne, sogna S o n;
Og A n d e n, all vaar trøyst og von:
Dei tri i heilag einings band
Høglova yver alle land!

Etter den gamle latinske: Te deum, I.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad