Den bortkomne sonen

(Omsetjing, 1884)

Omsett av Matias Skard
 
Frå Evangeliet etter Lukas, 15de Kapitlet

[...]  
    11. Men han sagde: "Ein Mann hadde tvo Søner.
    12. Og den yngste av deim sagde til Faderen: Fader, giv meg den Lut av Buet, som fell paa meg. Og han skifte Midelen millom deim.
    13. Og nokre faa Dagar etter samlade den yngste Sonen alt sitt og foor ut til eit Land langt burte; og der øydde han upp sitt Bu i Ulivnad.
    14. Men daa han hadde samlat burt all si Eiga, vart det ein hard Hunger i det Landet, og han tok til aa lida Naud.
    15. Og han gjekk og trengde seg inn hjaa ein av Borgarom i det Landet: og han sende honom ut i Marki til aa gjæta Svin;
    16. og han vilde gjerna fylla Magen sin med dei Skolmer, som Svini aat; og ingen gav honom.
    17. Men daa han tok til Vitet, sagde han: Kor mange Leigefolk hjaa Fader min hava ikkje fullt upp med Braud; men eg set Livet til av Hunger.
    18. Eg vil standa upp og ganga til Fader min og segja til honom: Fader, eg heve syndat mot Himmelen og fyre deg,
    19. og eg er ikkje verdig lenger til aa kallast Son din; lat meg vera som ein av Leigefolket ditt.
    20. Og han stod upp og gjekk til Fader sin. Men medan han endaa var langt burte, saag hans Fader honom og ynkadest og sprang og fall um Halsen paa honom og kyste honom.
    21. Men Sonen sagde til honom: Fader, eg heve syndat mot Himmelen og fyre deg; eg er ikkje verdig lenger til aa kallast Son din.
    22. Men Faderen sagde til sine Tenarar: Faa fram den beste Klædnaden og have paa honom, og give honom Ring paa Handi og Sko paa Føterne,
    23. og hente Gjødkalven og slagte honom, og lat oss eta og vera glade.
    24. For denne Son min var daud og er livnad upp atter, og han var mist og er funnen. Og dei gav seg til aa gledja seg.
    25. Men den eldste Son hans var ute paa Marki; og daa han kom og var nær ved Huset, høyrde han Spel og Dans.
    26. Og han kallade til seg ein av Tenarom og spurde etter, kvat dette var.
    27. Men han sagde til honom: Broder din er komen, og fader din slagtade Gjødkalven, avdi han fekk honom atter frisk.
    28. Men han vart harm og vilde ikkje ganga inn. Fader hans gjekk daa ut og bad honom. 
    29. Men han svarade og sagde til Fader sin: Sjaa, so mange Aar heve eg tent deg og aldri gjort imot ditt Bod, og du gav meg aldri eit Kid eingong, so eg kunde vera glad med mine Vener. 
    30. Men no daa denne Son din er komen, han som heve etet upp din Midel i Lag med Skjøkjor, daa slagtar du Gjødkalven aat honom.
    31. Men han sagde til honom: Barn, du er alltid hjaa meg, og alt mitt er ditt. 
    32. Men Ein skulde vera fegen og glad; for denne Broder din var daud og er livnad upp atter, og han var mist og er funnen."

Frå Evangeliet etter Lukas. Utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget. Kristiania. Trykt i Ringvolds Boktrykkeri. 1884. Side 47-48. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad