Evangeliet etter Johannes

(Omsetjing, 1889)

[Omsett av Matias Skard]

1ste Kapitlet.


I Upphavet var Ordet, og Ordet var hjaaa Gud, og Ordet var Gud. 
    2. Dette var i Upphavet hjaa Gud. 
    3. Alle Ting vart til ved det, og utan det vart ikkje til ein einaste Ting, som til er vorten. 
    4. I det var Liv, og Livet var Ljoset fyre Menneskjom. 
    5. Og Ljoset skin i Myrkret, og Myrkret tok det ikkje til seg. 
    6. Der kom ei Menneskja, utsend ifraa Gud, han heitte Johannes. 
    7. Denne kom til Vitnemaal, at han skulde vitna um Ljoset, so alle skulde tru ved honom. 
    8. Han var ikkje Ljoset, men kom fyre di, at han skulde vitna um Ljoset. 
    9. Det sanne Ljoset var der, det, som upplyser kvar Menneskja, som kjem til Verdi. 
    10. Han var i Verdi, og Verdi hadde vortet til ved honom, og Verdi kjende honom ikkje. 
    11. Han kom til sitt eiget, og hans eigne tok ikkje imot honom. 
    12. Men so mange, som tok imot honom, deim gav han Magt til aa verta Guds Born, deim, som tru paa hans Namn, 
    13. som ikkje vart fødde av Blod, og ikkje av Kjøts Vilje, og ikkje av Manns Vilje, men av Gud. 
    14. Og Ordet vart Kjøt og budde imillom oss, og me skodade Herlegdomen hans, ein Herlegdom, som høver den einborne fraa Faderen, full av Naade og Sanning. 
    15. Johannes vitnar um honom og ropar, segjande: "Det var um denne eg sagde so: Den, som kjem etter meg, er komen fyre meg; for han var fyrr enn eg". 
    16. Og av hans Fullnad hava me alle fenget og jamvel Naade yver Naade. 
    17. For Logi vart gjevi ved Moses, Naaden og Saningi vart til ved Jesus Kristus. 
    18. Gud heve ingen nokot Sinn seet; den einborne Son, som er i Fanget til Faaaderen, heve uttydt honom. 
    19. Og dette er Vitnemaalet av Johannes, daa Jødarne sende Prestar og Levitar fraa Jerusalem, at dei skulde spyrja honom: "Kven er du?" 
    20. Og han tilstod og neittade ikkje, og han tilstod: "Eg er ikkje Kristus". 
    21. Og dei spurde honom: "Kvat daa? Er du Elias?" Og han sagde: "Eg er ikkje". "Er du Profeten?" Og han svarade: "Nei". 
    22. Dei sagde daa til honom: "Kven er du? - so me kunna giva Svar til deim, som sende oss - kvat segjer du um deg sjølv?" 
    23. Han sagde: "Eg er Røysti av den, som ropar i Øydemarki: Jamne Herrens Veg! so som Profeten Esaias heve sagt". 
    24. Og Utsendingarne var av Farisæarom. 
    25. Og dei spurde honom og sagde til honom: "Kvifyre døyper du daa, dersom du ikkje er Kristus og ikkje Elias og ikkje Profeten?" 
    26. Johannes svarade deim og sagde: "Eg døyper med Vatn; men midt imillom dykker stend han, som de ikkje kjenna. 
     27. Han er den, som kjem etter meg, som er komen fyre meg, han, som eg ikkje er verdug til aa løysa Skoreimi aat". 
    28. Dette hende seg i Betabara paa hi Sida aat Jordan, der Johannes døypte. 
    29. Dagen deretter saag Johannes Jesus komande til honom og sagde: "Sjaa der Guds Lamb, som tek paa seg Syndi til Verdi! 
    30. Det er um denne, eg sagde so: Etter meg kjem ein Mann, som er komen fyre meg; for han var fyrr enn eg. 
    31. Og eg kjende honom ikkje; men fyre di, at han skulde verta openberrad fyre Israel, difyre er eg komen og døyper med Vatn". 
    32. Og Johannes vitnade og sagde: "Eg saag, Anden for ned som ei Duva fraa Himmelen og vart verande yver honom. 
     33. Og eg kjende honom ikkje; men den, som sende meg til aa døypa med Vatn, han sagde til meg: Den, som du ser Anden fer ned yver og vert verande yver, han er den, som døyper med den heilage Ande; 
    34. og eg heve seet det, og eg heve vitnat, at denne er Guds Son". 
    35. Dagen deretter stod Johannes der atter, og tvo av Læresveinom hans; 
    36. Og han saag paa Jesus, som kom gangande, og sagde: "Sjaa der Guds Lamb!" 
    37. Og dei tvo Læresveinar høyrde, han talade so, og dei fylgde etter, og sagde til deim: 
    39. "Kvat søkja de?" Men dei sagde til honom: "Rabbi" - som utlagt tyder Meister - "Kvar bur du?" 
    40. Han sagde til deim: "Kome og sjaa!" Dei kom og saag, kvar han budde. Og dei vart verande hjaa honom den Dagen; men det var umkring den tiande Timen. 
    41. Ein av dei tvo, som høyrde dette av Johannes og fylgde honom, var Andreas, Broder til Simon Petrus. 
    42. Denne fann fyrst Simon, Broder sin, og sagde til honom: "Me hava funnet Messias, det er utlagt: Kristus". 
    43. Og han førde honom til Jesus; men Jesus saag paa honom og sagde: "Du er Simon, Jonas' Son, du skal heita Kefas, det er utlagt: Petrus, (det er: Berg).
    44. Dagen deretter vilde Jesus fara av til Galilæa; og han fann Filippus og sagde til honom: "Fylg meg!" 
    45. Men Filippus var fraa Betsaida, fraa same Byen som Andreas og Petrus. 
    46. Filippus fann Natanael og sagde til honom: "Me hava funnet den, som Moses i Logi, og Profetarne, hava skrivet um: Jesus, Josefs Son, fraa Nasaret". 
    47. Og Natanael sagde til honom: "Kann det koma nokot Godt fraa Nasaret?" Filippus sagde til honom: "Kom og sjaa!" 
    48. Jesus saag, at Natanael kom til honom; "Sjaa, det er i Sanning ein Israelit, som det ikkje er Svik i". 
    49. Natanael sagde til honom: "Kvar kjenner du meg ifraa?" Jesus svarade og sagde til honom: "Fyrr enn Filippus kallade paa deg, daa du var under Fikentreet, saag eg deg." 
     50. Natanael svarade og sagde til honom: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels Konge". 
    51. Jesus svarade og sagde til honom: "Trur du, avdi eg sagde til deg: Eg saag deg under Fikentreet? Du skal sjaa større Ting enn desse". 
    52. Og han sagde til honom: "Sannelege, sannlege segjer eg dykker: Heretter skulo de sjaa Himmelen opnad og Guds Englar stigande upp og stigande ned yver Menneskjesonen". [---]

 

 


Frå Evangeliet etter Johannes. Utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget. Kristiania. Trykt i Nikolai Olsens Boktrykkeri. 1889. Side 5-7. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad