Fader vaar

(Omsetjing, 1884)

Evangeliet etter Lukas. 11te Kapitlet

 

[Omsett av Matias Skard]

 

Og det hende seg, at han var paa ein Stad og bad; og daa han heldt upp, sagde ein av hans Læresveinar til honom: "Herre, lær oss aa beda, liksom og Johannes lærde sine Læresveinar."
       2. Men han sagde til deim: "Naar de beda, skulo de segja: Fader vaar, du som er i Himlom, helgat verte ditt Namn, tilkome ditt Rike, verte din Vilje som i Himmelen so og paa Jordi;
       3. giv oss vaart daglege Braud fyre Dagen,
       4. og forlat oss vaare Synder; for me og forlata kvar den, som er oss skuldug; og før oss ikkje inn i Freisting; men frels oss fraa det Vonde." [...]


 


Frå Evangeliet etter Lukas. Bjørgvin. Utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget. Kristiania. Trykt i Ringvolds Boktrykkeri. 1884. Side 36. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad