Gjev meg, Gud, eg jamt maa læra

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Vær nu glad og vel tilmode

Gjev meg, Gud, eg jamt maa læra
Med ditt naadesord i famn
Meg med livsens brød aa næra,
Mannast til i Jesu namn,
Stilt og stendigt gleda meg,
At eg er paa himmelveg,
Faa med Jesus barnegleda, -
Dag for dag meir himmel-seda.

Etter Grundtvig.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad