Gud, haldt oss fast i trui sann

(Salme, 1927)

Av Matias Skard

Tone: Kom hit til mig

Gud, haldt oss fast i trui sann,
So tid for tid me røtast kann
I rette livsensgrunnen,
Fraa daapen dagleg suga saft
Og gro og grønka i di kraft
Som piletre ved brunnen!

Og kjem det turketider paa,
So hjarta sorgfullt kvida maa
Og vokstren stend i stogging,
So giv dei sjuke hjartablad
Ifraa det vigde sjelebad
Nytt liv og yverdogging!

Lat voni nyfødd i ditt hus
Oss gleda med sin stille sus
Med ord fraa himmelgrender,
Og kviskra kjært um blide kaar,
Um liv i ljos og evig vaar
Hjaa deg paa livsens strender!

Din kjærleiks sol fraa stund til stund
Lat løysa upp den harde grunn
Og honom grorsam gjera,
Giv næring ved ditt naadebord,
So alt vaart liv i heilag gror
Maa himmelgrøda bera!


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad