Gud Herren styrer [2]

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Gud Herren han styrer, i kraft han stend
- All himlen er full av hans æra, -
So herleg i herbunad, styrke ved lend.
Høglova vaar hovding skal vera!

Han allheimen hev ifraa upphavet fest
- All verdi er full av hans æra, -
So ikkje han brotnar, og ikkje han brest.
Høglova vaar skapar skal vera!

Fraa fyrst hev han grunna si trona frid
- All æva er full av hans æra; -
For han er forutan maal eller tid.
Høglova vaar konge skal vera!

Sjaa straumarne støyter til strid ihop
- All jordi er full av hans æra -
Og bylgjorne brytst med brusande rop.
Høglova vaar herre skal vera!

Men du i det høge med veldug arm
- All heimen er full av di æra -
E større enn havet i villaste harm.
Høglova vaar fader skal vera!

Ditt trufaste ord stender ævlegt med lag
- Og kyrkja er full av di æra, -
Ja heilagt er huset ditt all sin dag.
Høglova skal namnet ditt vera!

Etter Davids 93de salme.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad