Gud er kjærleik

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Kærlighed er lysets kilde

Gud er kjærleik, han vaar fader,
Livsens rot og livsens grunn;
So er kjærleik alle stader
Livet sjølv kvar tid og stund.
I Guds raadlags ljose salar
Og i mannheims myrke dalar,
Som i himmel so paa jord
Av Guds kjærleik livet gror.

Gud er kjærleik; ned han sende
Sonen kjær til spott og grav;
Større kjærleik ingen kjende:
Livet han til løysning gav,
For oss syndarar til soning,
Til vaar frelsa fraa fortjoning.
Aa for kjærleiks djup aa sjaa,
At Guds born me kallast maa!

Gud er kjærleik; hjartevarmen
Her paa jord er gaava hans:
Naar du lengtar djupt i barmen
Etter livet i sin glans;
Naar der stiger milde tankar;
Naar for sanning hjarta bankar;
Elskar du deg glad og sterk, -
Alt det er hans kjærleiks verk.

Gud er kjærleik; armen trugen
Der hjaa mor du tryggja fann,
Elden høg i ungdomshugen,
Hjartevenen som du vann,
Barnekrans av signing metta,
Fagert um foreldre fletta,
Barnesinn bak sylvhaars krans, -
Alt, ja alt er gaava hans.

Gud er kjærleik; men her inne
I min barm er kaldt og audt;
Send din kjærleiks logar linne
Til aa vekkja liv av daudt;
Lat meg gjenom frygd og smerta
Livna dag for dag, og verta
Ved i kjærleik stendeleg:
Eg i deg og du i meg.

 

Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad